

Det kraftige regnet har ført til ei rekkje hendingar på vegnettet i Voss herad, men Eidesvegen er den einaste kommunale vegen som er heilt stengd. For oppdatert informasjon, sjå www.175.no
Mannskap frå kommunalavdeling teknisk er i full gang med å reparera skadane på vegnettet, og har lagt planar for korleis dette vert gjort i tida som kjem.
Dei fleste vassdraga nådde flaumtoppen onsdag kveld og natt til torsdag. Vangsvatnet nådde oransje flaumnivå torsdag morgon, men er venta å nå flaumtoppen i føremiddag.
Me har sett at mange innbyggjarar har vore ute å gjort tiltak for å hjelpa vatnet med å renna mest mogleg fritt, og ynskjer å retta ein stor takk til alle saman. Innsatsen frå dykk innbyggjarar er svært viktig for å unngå store skadar.
Heradet takkar også mannskapet og som har stått på for å sikra kommunal infrastruktur og trygga samfunnet under uvêret.
Voss herad minner om at det framleis er farevarsel, så det er viktig å følgja med og vera varsame. Bakken er metta av vatn, og skredfaren er stor. Hald deg oppdatert her: Voss - Varsel fra NVE og MET | Varsom.no