Dette gjer at me har best mogleg kapasitet til å handtera ekstremvêret i morgon.
Ekstremvêret vil koma ved midnatt, og vara ved i eit døgn.
Farevarselet gjeld heile distriktet, og det er ikkje mogleg å veta kor og når eventuelle skader vil oppstå. Derfor må alle vera best mogleg førebudde.
Voss herad sikrar kommunal infrastruktur som langt som råd, og vil prioritera innsatsen der det er størst behov når ekstremvêret kjem.
Voss herad er i tett og god dialog med andre samvirkeaktørar.
Eviny har sett i verk tiltak på Voladammen for å rusta seg til ekstremvêret.
Brannvernet på Evanger er sett i beredskap
Tiltaka elles som vert sett i verk er i hovudtrekk desse:
Veg
- Kontroll og reinsking av stikkrenner
- Auka beredskap frå torsdag etter arbeidstid og fram til arbeid tidstart fredag morgon.
- Fleire anleggsmaskiner er sett i beredskap
- Det er klargjort nokre sandsekker som står klare til bruk på Istad, til bruk for kommunale bygg og infrastruktur.
- Frå torsdag morgon, kontinuerleg patruljering på kommunale vegar for å halda oppe kritiske punkt
Det vert fortløpande vurdert om kommunale vegar må stengast grunna overvatn eller liknande.
Vatn og avløp
- Auka beredskap
- Høgdebassenga vert no fylt som ekstra buffer
- Sikring av vassbehandlinganlegget
Bygg og eigedom
- Auka beredskap
- Flaumveggar vert sett opp ved idrettshall og kulturhus.Dette er for å vera klare dersom det vert flaum i Vossavassdraget. Ein vil då ha frigjort kapasitet til andre oppgåver
Helse
- Alle brukarar med tenester frå heradet i utsette område er kartlagt. Det vert i tråd med planverket planlagt tiltak i samarbeid med pårørande og naboar
Oppvekst
- Skule og barnehage er opne som normalt, men følg med på lokal informasjon om den enkelte skule. Ein må også vera budd på at skuleskyss kan verta råka ved stengde vegar.
Det er varsla 120 til 180 millimeter regn på 24 timar. Dette er svært mykje, og det er usikkert kva konsekvensar dette kan gje.
Det er oransje flaumvarsel, medan det er raudt varsel på nedbør, jord, sørpe- og flaumskred.
Voss herad oppmodar alle om å sjekka stikkrennerm kummar og rister på og rundt eigen eigedom, og elles unngå unødig ferdsel. Spesielt viktig er det å unngå å ferdast langs elver og bekkar, då det er venta at desse raskt kan få mykje høgare vasstand, og det er også stor fare for erosjon og utgraving.
Det er også eigenberedskapsveka denne veka, og Voss herad ber alle om å gjera tiltak så dei er førebudde, og kan hjelpa naboar eller andre som treng det under ekstremvêret.
For intervju om handteringa av ekstremvêret, kontakt ordførar Tonje Ljones Såkvitne,
på telefon 957 51 635