Sterk og stødig-samlingEr du interssert i å vera frivillig og leia treningsgrupper for seniorar? Torsdag 25. juni kan du delta på ei uforpliktande samling i regi av fysioterapitenesta i Voss herad. Sist endra 03.06.2026 13.49 Fysioterapitenesta i Voss herad, ved Ida og Ane, inviterer til Sterk og stødig- samling: Torsdag 25. juni kl. 16.00 - 17.30.Kva er sterk og stødig?Sterk og stødig er grupper med balanse- og styrketrening tilpassa seniorar som opplever endringar i rørslefunksjon, eller kjenner seg ustø i enkelte situasjonar.Kven er samlinga for? Samlinga er for deg som er nysgjerrig eller interessert i å vera frivillig og leia treningsgrupper for seniorar. Du treng ingen forkunnskap, og det er heilt uforpliktande å delta på samlinga. Som frivillig får du tilbod om eit gratis, lokalt tredagarskurs med god opplæring, som startar opp i august 2026.Du får høve til å delta på ein gruppetime leia av fysioterapeutar, få meir informasjon og stilla spørsmål.Praktisk informasjonTid: Torsdag 25. juni kl. 16.00 -17.30 Oppmøte: Hagahaugen, resepsjon/hovudinngangPåmelding: Det er ope deltaking, og du treng ikkje melde deg på. Prosjektet er støtta av Hardangerstiftinga.De er hjarteleg velkomne – me håpar å sjå deg!Har du spørsmål?Ta kontakt med ein av fysioterapeutane som skal ha samlinga: Ane: 918 74 247 Ida: 952 62 020