Stølsdagar 2026

Velkommen til Stølsdagane 2026. Vi inviterer til to samlingar: ein dag om moderne stølsdrift med vidareforedling og ein dag om ombruk av stølar og skjøtsel av fjellandskapet. 

Saman med landbrukskontor for  Aurland, Lærdal og Årdal, Verdsarvparken i Nærøyfjorden og verneområdet Statsforvaltaren i Vestland og Voss Bondelag og Bonde og Småbrukarlag  har me gleda av å ynskje velkomen til stølsdagane 2026.

Med stølsdagane 2026 vil me sette fokus på dei mange moglegheitene som ligg i utmarksbeite og stølstradisjonen for å ta vare på verdiane og kunnskapen og å utvikle bruken

Vårt mål med prosjektet er kunnskapsformidling om verdi og moglegheiter i stølstradisjonen og å vise korleis kulturlandskap og biologisk mangfald kan styrkast og gjerast synlege i kombinasjon med vanlig jordbruksdrift. 

Vi arrangerer to stølsdagar: 

- Stølsdag om moderne stølsdrift med vidareforedling – dato: 23. aug på Stølen veskre hjå Aud T Jensen som både driv foredling og leverer mjølk til meieri. 

- Stølsdag om ombruk av stølar og skjøtsel av fjellandskapet – dato: 31. aug i Brekkedalen i Voss herad. 

Naturgjevne forhold har gjort utmarka viktig for matproduksjon. Stølsdrift og bruk av utmarksbeite har vore ein sentral del av norsk jordbruk i fleire tusen år, og er framleis ein viktig ressurs. Rundt 1950 fanst det i Noreg om lag 22000 gardsbruk med stølsbruk, i dag er talet redusert til rundt 700 og av desse ligg 81 i Vestland. 

Seterdrift bidreg til berekraftig bruk av utmarksressursar og til matmangfald gjennom vidareforedling av mjølk og tradisjonelle produkt. Det ligg eit stort potensial i å utnytte beiteressursane betre. Stølane har i seg sjølv store natur-, kultur- og landskapsverdiar. Tradisjonell drift har skapt artsrike kulturlandskap som slåttemark og naturbeitemark, som i dag er truga naturtypar. I tillegg vitnar bygningar, steingjerde, stølsvegar og andre kulturminne om langvarig bruk av fjell og utmark. Klimaendringar gjer det nødvendig å styrkje førebyggjande tiltak for å ta vare på desse verdiane. Stølskulturen har stor betydning for lokalsamfunn, reiseliv og kulturarv. Ho representerer både handlingsboren kunnskap, tradisjonar og viktige møteplassar for lokalbefolkninga. 

Det er planlagt webinar i okt/nov 2026 for å følge opp info om regelverk og rammeverk for utvikling av stølsdrift og restaurering

Målgruppa er fyrst og framst bønder som vurderer oppstart av støling og eigarar av stølar og stølsvollar. Grunna servering ynskjer me påmelding:

Kontaktinfo for påmelding stølsdag søndag 23.aug: kari.mostad@voss.herad.no  tlf 97 9971 50

Seminar i Brekkedalen måndag 31.aug. Gry B Mørk: gry@verdsarvparken.no  tlf 95 14 14 38

 

Vandreseminar i Brekkedalen 31.august vil ta for seg tema om landskap og kulturmiljø i endring. Randi Jordalen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tiltaket er støtta av Klima- og miljøprogrammet (KMP), tilskot til fylkesvise prosjekt for Vestland