
Jubelskrika løfta nesten taket i idrettsfløyen på Voss ungdomsskule då rådmann Martin Kulild kunngjorde at Pink Panthers frå Vangen skule vann Champion-prisen under FIRST Legao League på Voss ungdomsskule torsdag.
Champion-prisen går til det laget som samla gjorde best i alle kategoriane under FIRST Lego League som gjekk av stabelen på Voss Det betyr at dei gjorde det best samla i alle kategoriane under FIRST Lego League. På andre plass kom Bio Bæng frå Voss ungdomsskule, med Gullaksen frå Granvin barne- og ungdomsskule på tredje plassen.
Stort arrangement

FIRST Lego League samla 400 elevar frå Voss herad og Ullensvang kommune, pluss eit solid lag av dommarar og medhjelparar. Til saman 32 lag stilte til komnkurransen, som hadde fleire ulike kategoriar, nemleg robotkonkurranse, stand og prosjekt. Temaet for årets FIRST Lego League, som er ei konkurranse som skjer i Skandinavia, er naturmangfaldet og dei utfordringane som trugar livet på jorda. Gjennom forsking og teknologi har alle elevane jobba intenst med prosjekta sine, og fekk konkurrera under eit svært arrangement på ungdomsskulen.
Satsar mot neste år

Dei to beste laga samla sett er kvalifisert for skandinavisk finale i Lund i Sverige, emdan dei andre vinnarane av dei ulike kategoriane alle fekk pokal, i Lego sjølvsagt, som premie for plasseringa.
Dette var første gong FIRST Lego League er arrangert i Voss herad, men dette gav definitivt meirsmak, og det vert sjølvsagt jobba for å gjera dette også neste år.
Heradet har fått inn sponsormidlar til arrangementet, og har takka vera eit svært god samarbeid med næringslivet i heradet fått i stand eit vellukka og godt arrangement. Og er læringsutbyttet til elevane noko likande som innsats og engasjement, må dette vera ei stor suksess.
Du kan lesa mykje meir om FIRST Lego League på denne nettsida:
FIRST Lego League
Prisvinnarar FIRST Lego League