Bli med på Superleikane i Myrkdalen 28. - 30.mars 2025!
Superleikane er eit idrettsarrangement for menneske med særskilde tilretteleggingsbehov i alle aldrar og på alle funksjonsnivå. Målet med leikane er å gi deltakarane moglegheit til å prøva ulike idrettar, inspirera til fysisk aktivitet, og fremja livskvalitet, trivsel og sunn konkurranse.
Sist endra 06.03.2025 14.27

Alle aktivitetar går føre seg utandørs.
Har ein ikkje eige utstyr, kan ein låna dette frå Myrkdalen Skiutleige.
På Superleikane vil det vera mange frivillige som hjelper deltakarane med utstyr, instruksjon og rettleiing. Me kan ikkje garantera at kvar deltakar får sin eigen frivillig. Dei deltakarane som har behov for ekstra hjelp bør ha med seg ein assistent.
Påmelding
Superleikane på Voss finn stad 28.-30. mars 2025 i Myrkdalen fjellandsby.
Hugs å huka av for bankett dersom du ynskjer å vera med på den.
Bankett
Banketten vert halden på Myrkdalen Hotel laurdag kveld. Her blir det 2-rettars middag med brus, konsert og dans med Blink. Pris: 460 kr per person.
Påmeldingsfrist: 7. mars. https://www.superlekene.no/voss/
SØNDAG 30.MARS VERT DET ARRANGERT MINI-SUPERLEIKANE KL. 09.30- 13.00!
Eit gratis idrettesarrangement med leik og moro spesielt for barn.
