Tidlegrøysting er for veljarar som ikkje har høve til å røysta i den ordinære førehandsrøysteperioden eller på valdagen, i høve stortingsvalet og sametingsvalet 2025. Du kan tidlegrøysta frå 1. juli til 8. august på Tinghuset, måndag–fredag kl. 10.00 – 14.00.
Sist endra 03.07.2025 14.52
Merk at tidlegrøysting er ikkje det samme som førehandsrøysting.
Ved tidlegrøysting er ikkje dei ordinære stemmesetlane klare, så ein nyttar partirøystesetlar som inneheld namn på dei registrerte politiske partia i Norge.
På røystesetelen må du merka av for det partiet du ynskjer å røysta på. Dersom du ynskjer å røysta på eit parti/gruppe som ikkje står på røystesetelen, skriv du namnet på partiet/gruppa i det blanke feltet på røystesetelen.
Hugs å ta med legitimasjon når du skal røysta.
Les meir om kvar og når du kan røysta her.
Valdirektoratet