Dette er eit lågterskeltilbod der du kan møta andre foreldre for å utveksla erfaringar og i samarbeid med andre verta bevisst på kva ein gjer som er bra for barna. Du får ikkje ei ferdig oppskrift, men støtte til å finna eigne løysingar for deg og ditt barn. Samtalane i foreldregruppene tek utgangspunkt i dykkar erfaringar frå kvardagen, knytta til åtte tema for godt samspel. Gruppa består av 6-8 føresette og 2 rettleiarar. Det er lagt opp til åtte gruppemøter.
Her kan du lesa meir om kva ICDP er:
ICDP Norge
ICDP-foreldreveiledning (youtube.com)
Foreldrerettleiing – Voss – BTI
Kvar: Kulturhuset, rom 222, 2. etg.
Tidspunkt: torsdagar kl 13.30 – 15.00
Periode: 16. oktober – 4. desember 2025
Meld di interesse på e-post innan 6. oktober til:
solvi.hesslevik@voss.herad.no eller may.b.krakevik@voss.herad.no
Meld ifrå om de vert ein eller to føresette med.
Vel møtt!
