Dette er eit lågterskeltilbod der du kan møta andre foreldre for å utveksla erfaringar og i samarbeid med andre verta bevisst på kva ein gjer som er bra for barna. Du får ikkje ei ferdig oppskrift, men støtte til å finna eigne løysingar for deg og ditt barn. Samtalane i foreldregruppene tek utgangspunkt i dykkar erfaringar frå kvardagen, knytt til åtte tema for godt samspel. Gruppa består av 6-8 føresette og 2 rettleiarar. Det er lagt opp til seks gruppemøter.
Her kan du lesa meir om kva ICDP er:
ICDP Norge
ICDP-foreldreveiledning (youtube.com)
Foreldrerettleiing – Voss – BTI
Kvar: Kulturhuset
Tidspunkt: torsdagar kl 13.30 – 15.00
Periode: 29. januar – 19. mars 2026
Meld di interesse på e-post innan 15. januar til:
charlotte.w.larsen@voss.herad.no eller brit-tone.rokne@voss.herad.no
Meld ifrå om de vert ein eller to føresette med.
Vel møtt!
