Tilrår vaksine etter smitteauke

Det er registrert stor auke i smitte av sjukdommar som vert forebygd i barnevaksinasjonsprogrammet på Voss i september. Truleg er mykje av dette kikhoste.

Det vert tilrådd å ta boostervaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio om lag kvart tiande år. Folkehelseinstituttet anbefalar kikhostevaksine til fleire grupper:

  • Spedbarn og skulebarn i henhald til det anbefalte barnevaksinasjonsprogrammet
  • Gravide: fortrinnsvis i svangerskapsveke 24, men det er også mogleg å vaksinera seinare i svangerskapet. Tilbodet er nytt frå mai 2024 og vert tilbydd for å beskytta det nyfødde barnet.
  • Ved nærkontakt med mogleg smitteførande personar, avhengig av tidlegare vaksinasjonsstatus.
  • Helsepersonell som tek hand om pasienter som ikkje bør utsetjast for kikhostesmitte, avhengig av tidlegare vaksinasjonsstatus.
  • Foreldre, søsken og andre nærkontakter til uvaksinerte spedbarn, avhengig av tidlegare vaksinasjonsstatus, spesielt ved utbrudd i nærmiljøet
  • Boostervaksinasjon av voksne

Etter gjennomført barnevaksinasjon er anbefalinga boostervaksine om lag kvart 10. år. Personar som ikkje tidlegare er grunnvaksinert, bør få tilbod om basisvaksinasjon, som er tre doser.

Behandling

Det er aktuelt å tilby antibiotikaprofylakse, og eventuelt vaksine, til husstandsmedlemmer av pasientar med påvist kikhoste. Andre nærkontaktar får eventuell behandling ved påvist sjukdom.

Det er ikkje behov for at nærkontaktar av sjuke er heime frå jobb eller skule, sjølv om dei er eksponert. I slike tilfelle bør ein fylgja generelle smitteråd. Dersom ein får symptom på kikhoste, bør ein verta testa.

Dei som ikkje er ein del av vaksinasjonsprogrammet må venda seg til fastlegen for å få vaksine.

Du kan lesa meir om kikhoste på Folkehelseinstituttet sine heimesider

Vaksinering på ungdomsskulane

I tråd med barnevaksinasjonsprogrammet, så vart 10 klasse på Voss ungdomsskule vaksinert fredag 13.september.

Granvin ungdomsskule 10.klasse fredag 20.september.

Vossestrand ungdomsskule 10.klasse måndag 30.september.