BKK-Viltfond er eit felles fond for kommunane Vik, Voss Vaksdal og Modalen. Aktuelle søkjarar er villreinutval-/nemnd, grunneigarlag, hjortevald, jakt- og fiskarlag med fleire.
Søknadsfrist er 1. mars 2025.
Sist endra 07.02.2025 12.37
Tiltak det kan løyvast midlar til er:
Reinsdyr i fjellheimen
Sveinung Klyve
- Tiltak med bakgrunn i forvaltnings- og driftsplanar skal vektleggjast (både offentlege og privatrettslege planar).
- Tiltak som fremjar bestandsforvalting på tvers av kommunegrensene har prioritet, til dømes villreinen i Fjellheimen villreinområde, leveområde for hjort, småviltforvalting og liknande.
- Midlane skal vera med å fremja lokal kunnskap- og kompetanseutvikling og rekruttering hjå unge.
- Det kan gjevast tilskot til kartleggings, utgreiings- og informasjonstiltak.
- Det kan òg løyvast midlar til ikkje jaktbare artar.
Tilskot skal hovudsakleg vera delfinansiering. Det er ein fordel om midlane medverkar til statleg finansiering av tiltak/prosjekt.
Handlingsplan tiltaksmidlar BKK- Viltfond 2022 - 2025 vedteken 08.12.21 (PDF, 94 kB)
Send søknad til Vik kommune
Vik kommune er sekretariat for ordninga. Skriftleg søknad med prosjektskildring og kostnadsoverslag/budsjett skal sendast til Vik kommune på e-post: postmottak@vik.kommune.no
Merk søknaden med: “BKK-viltfond”
Søknadsfrist: 1.mars 2025
Kontaktperson i Vik kommune er landbrukssjef Veronika Seim Bech, tlf: 909 10 709