Tilskot til inkludering av born og unge i Voss herad 2026

Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan no søkja om tilskot til aktivitetar retta mot barn og unge som av ulike grunnar står i fare for å hamna i utanforskap.

Søknadsfrist var 31.oktober 2026

Målet med tilskotsordninga er å leggja til rette for at alle barn og unge skal ha høve til meistring og samfunnsdeltaking. 

Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. 

Målgruppa er born og unge i alderen frå 0 til og med 24 år.

 

 

Utanforskap handler om å stå utanfor ulike arena eller fellesskap i samfunnet.  Risikofaktorar for utanforskap kan væra:    

  • å veksa opp i familie med låginntekt 
  • manglande sosialt nettverk 
  • manglande tilknytning til skule/arbeid  
  • manglande deltaking i fritidsaktivitetar 

 

Det er mogeleg å søkja om støtte til 12 ulike aktivitetstypar. 

Meir informasjon om utlysinga finn de på tilskotsordninga si nettside 

Søknadsskjema finn de i Bufdirs søknadsportal

OBS: Me gjer merksam på at nye søknadar frå aktørar med pågåande prosjekt ikkje vil bli prioriterte i 2026. Sjå meir informasjon om dette under «prioriteringar» på nettsida.

Kontakt

Kristina Finne
Konsulent
E-post
Telefon 91 14 26 33