Tour of Norway 2024

Verdas beste syklistar inntek Voss!

 

Tour of Norway vil den 23. mai sykla frå Voss sentrum via Ulvik og til Bavallen for målgang. Dette vil føra til at nokre vegar vil vera stengt i kortare periodar. 

Rittet startar på Torget kl. 14:00. Vangsgata vil vera stengt heile dagen. Ryttarane syklar så E16 til Bulken og rundt Vangsvatnet. Deretter fyl dei vegen til Granvin via Skjervet og gjennom Vallaviktunnelen og inn til Ulvik. Frå Ulvik syklar dei over Ulvikahøgda og oppatt til Voss via Skjervet.  Ved Palmafossen syklar dei Raundalvegen til Kløve før dei syklar Kytesvegen/Reppavegen til Tvinde. Derifrå syklar dei E16 ned til Skulestadmoen/Voss vidaregåande skule. Opp til Bavallen syklar dei Skulestadvegen/Gamle Bavallsvegen opp til Bavallsvegen før dei avsluttar ved Voss resort. 

 Det vert naudsynt å stenga enkelte vegar i kortare periodar.  Alle kryss vil bli stengd når ryttarane kjem forbi.  Utrykkingskøyretøy vil sjølvsagt kunna passera. 

Oversikt over kvar løypa går finn de her, og kva for vegar som vert halde stengt når, finn de her.

Parkeringsplassane på Holbergsplass og Tinghuset vil verta stengt i samband med rittet frå tysdag 21. til 24. mai. 

 

Program:

  • Det vert aktivitetar og program frå scene på torget med speaker frå kl. 13.00
  • Lagpresentasjon kl. 13.05
  • Starten går frå torget kl. 14.20
  • Storskjermen startar live sending - 15.30
  • Målgang i Bavallen Ein stad mellom 17:30 og 18:15

 

Påmelding til Tour of Norway for kids https://tourkids.no/event/voss-2/

Kontakt

Nils Helge Kvamme
Rådgjevar
E-post
Telefon 45 27 02 61