Tre nye verksemder Miljøfyrtårnsertifisert

Tysdag 5. desember fekk tre nye verksemder tildelt Miljøfyrtårn-diplom av Utval for Klima og miljø i Voss herad. Det er Voss Byggsenter AS, Voss Møbel og Trevareverkstad AS og Ekehaug maskin som har fått sertifiseringa.

Utvalsleiar Margrethe Alm, Kristiana Westgaard frå Ekehaug maskin, Andreas Rogne og Ståle Rørlien frå Voss Byggsenter AS, Svein Inge Bidne og Kjell Åge Skaftun frå Voss Møbel og Trevareverkstad AS.

Krava til klima og miljø vert stadig skjerpa inn, og det er gledeleg at verksemder i Voss herad driv med systematisk miljøleiing.

Anbod og grøn konkurransekraft

Det var utvalsleiar Margrethe Alm som delte ut diploma.

-Systematisk miljøleiing handlar om meir enn sortering av søppel. Arbeidet handlar å redusera dei negative effektane på klima og miljø, og ikkje minst forbetre dei positive effektane. Det stillast krav til forankring i leiing, krav til innkjøp og kontroll på leverandørkjedene, transport, energibruk, arbeidsmiljø, naturmangfald, arealbruk med meir.

Voss Byggsenter AS var ei av bedriftene som fekk utdelt sertifikatet og seier litt om bakgrunn:

-Me rekna på eit lokalt anbod og såg at pris var nokså likt samanlikna med andre aktørar. Vektinga vart så lagt på klima og miljø og me tapte anbodet. Det ville me ikkje gjera ein gong til og slik fekk me sett i gang prosessen med sertifisering for å verta enno betre innan berekraft, klima og miljø, seier dagleg leiar Ståle Rørlien og driftssjef Andreas Rogne.

Kontinuerleg forbetring og styring

Utvalsleiar påpeika at dette er eit kontinuerleg arbeid som lyt vera ein naturleg og integrert del av verksemdstyring og dagleg drift. Kvart år må verksemdene levera inn rapport på arbeidet og kvart tredje år er det re-sertifisering.

-Me er glade for at så mange bedrifter på Voss tek klima og miljø på alvor, og som arbeidar målretta for å få ned eiga miljøbelasting og klimaavtrykk, seier Alm.