Unngå brann, tøm sotluka

Første oppgåve etter feiing er å tøma sotluka. Så kan du fyra. Det er oppmodinga frå Voss brannvern.

Det har vore fleire tilfelle av sotbrann, og for å redusera faren for slik brann, må sotluka tømast. 

- Det første huseigar skal gjera etter at feiaren har feia skorsteinen, er å tøma sotluka, dersom ikkje feiaren har vore inne hjå deg og gjort dette for deg, seier Voss brannvern.

For å unngå brann i skorstein er vedlikehald av fyringsanlegget viktig.  Du kan redusere risiko for brann med få enkle grep. Å tøma sotluka ein gong i året er en av dei kanskje viktigaste grepa du gjer.

Bruk ei brannsikker bøtte, og hugs å setja denne på eit ikkje brennbart underlag eit godt stykke frå husveggen etter å ha tømt sotluka.

Ditt ansvar

Som eigar av fyringsanlegget er du ansvarleg for vedlikehald av fyringsanlegget. Feiaren hjelper deg med å feia røykkanalene når det er behov for det, og fjerner sotet etter feiing. Men har ikke feieren fått tilgang til sotluka etter feiing må du sjølv fjerna sotet.