
Noro-viruset er svært smittsamt, og det er viktig med god handhygiene for å unngå smittespreiing. Det er også viktig med god kjøkehygiene
Det er i utgangspunktet ufarleg, og vil gå over av seg sjølv, men hjå dei som har har andre alvorlege sjukdommar kan det føra til dehydrering og utmattelse.
Ein kan skilja ut smittestoff også etter at symptoma har gitt seg, så det er ekstra viktig med god handhygiene også dei første dagane etter at ein har blitt frisk.
Folkehelseinstituttet skriv at born i barnehage bør haldast heime også 48 timar etter at symptoma har gitt seg. I barnehagane på Voss er det regel om at born skal vera heime 48 timar etter at dei er symptomfrie, noko alle foreldre får informasjon om ved oppstart.
Les meir om noro-viruset her: Omgangssjuke forårsaka av norovirus - FHI