Vaksinering

Tilrådingar om koronavaksinasjon og influensavaksinasjon før haust/vintersesong 2023/24.

Korona- og influensavaksine er tilrådd for

  • 65 år og eldre
  • 18-64 år som inngår i ei risikogruppe
  • 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • born 6 månadar–11 år med alvorleg grunnsjukdom dersom barnets lege vurderer dette som viktig
  • gravide i 2. og 3. trimester. Vaksinasjon i 1. trimester kan vurderast dersom den gravide har tilleggssjukdomar som gjev ytterlegare auka risiko 

Influensavaksine er tilrådd for

  • helsepersonell med pasientkontakt
  • svinerøktarar

Kvar kan innbyggarar vaksinera seg?

  • Apotek 1 Vangsgata og Vitus apotek vaksinerer frå veke 40. Ting time hjå apoteka her eller ta kontakt med apoteka på telefon.
  • legekontora vaksinerer frå veke 43/44. Ta kontakt med legekontora på telefon for å avtala vaksinering.
  • sjukeheimsbebuarar får tilbod der dei bur.
  • helsepersonell med pasientkontakt får tilbod via arbeidsgjevar.

Generell informasjon

  • Vaksinane kan setjast samtidig eller med minst 7 dagar mellom vaksinene.
  • Koronavaksinasjon er gratis, influensavaksinasjon betalar ein for.
  • Hugs å ta på kle som er enkle å ta av før vaksinering (unngå knepping og tronge genserar).

Les meir om vaksinasjon her: https://www.fhi.no/va/voksenvaksinasjon/