Vassmålaravlesing 2025

For å sikra korrekt fakturering av vass- og avløpsgebyr er det viktig at alle abonnentar leverer inn vassmålaravlesing innan fristen 31.12.2025. Her finn du informasjon om korleis du les av vassmålaren, kva du skal registrera, og korleis du melder frå dersom noko er feil.

Vassmålaravlesing blir gjennomført ein gong i året, og alle abonnentar får melding eller brev når det er tid for å senda inn målarstanden. Avlesinga er grunnlaget for utrekning av forbruk, og korrekt rapportering sørgjer for at gebyra blir rett.

Lekkje for registering av målarverdi: viameter.viascan.no

Alle abonnentar med montert vassmålar i Voss herad er plikta å levere målaravlesing jf. §4-4 i forskrift om vass- og avløpsgebyr for Voss herad.

Slik les du av vassmålaren

På dei fleste vassmålarar ser du eit telleverk som viser forbruket i kubikkmeter (m³). Det er tala med svart bakgrunn – eller tal før skilje/desimal – som skal rapporterast. Eventuelle tal med raud bagrunn, små desimalar eller snurrande hjul treng du ikkje ta med.

Dei fleste vassmålarane i Voss herad ser tilnærma like ut som dømet vist under, men enkelte kan ha noko ulik utforming. Prinsippet for avlesing er likevel det same.

Feil eller uvanleg måling

Dersom målarstanden du legg inn er uvanleg låg eller høg samanlikna med tidlegare år, kan du bli bedt om å dobbeltsjekke avlesinga. Dette kan vera eit teikn på:

  • lekkasje eller feil på røyr
  • feilavlesing
  • Tidlegare stipulerte forbruk

Ta kontakt med kommunen på telefon eller e-post dersom du mistenker tekniske problem, eller om du ikkje får sendt inn avlesinga.

Om du ikkje leverer avlesing

Dersom me ikkje får målarstand innan fristen 31.12.2025, kan forbruket bli stipulert. Det betyr at kommunen estimerer forbruk basert på tidlegare avlesingar.

Ved gjentakande mangel på målaravlesing kan kommunen gjennomføre tvangsavlesing, og det kan bli kravd særskild gebyr for dette.

Treng du hjelp?

Sjå meir informasjon under: