Voss herad startar opp arbeid på KV 1321 Giljavegen i veke 26. Det skal leggjast høgspent og fiber i vegen, og det vil verta lagt nytt bærelag, forsterka ytterkant og betre grøfter. Anlegget er eit samarbeid mellom Voss herad, Voss energi og Voss fiber.
Arbeidet vil byrja ved tunnellen, og strekninga som skal oppgraderast er frå tunnellen og til elva mot Tillung (KV 1321 Giljavegen m2877 - m3627). Arbeidet vert i første omgang veke 26 - 29, og vil fortsetja etter ferien.
Ein må forventa stengt veg i tidsrommet 08:00 - 15:00 på kvardagar. Bussrute etc. vil kunne gå som normalt.
For spørsmål kontakt Voss herad ved Steinar Een, mob 95262065
Veganlegg Giljavegen
Oversiktskart veganlegg Giljavegen