Årets tema er: «Når ansvar møter motstand – pårørande og fagfolk i eit pressa velferdssystem»
Konferansen set søkjelyset på pårøranderolla og korleis pårørande, fagfolk og samfunn kan møte utfordringar saman.
Me ynskjer pårørande, frivillige, tilsette i alle sektorar og andre med interesse for temaet velkomne.
Praktisk informasjon
- Dato: Onsdag 23. september 2026
- Stad: Voss kulturhus, Kultursalen
- Pris: Gratis
Det vert servert lunsj, kaffi og te.
For å kunne planleggja serveringa ber me deg om å hente ut gratis billett på førehand. Billett finn du her: Når ansvar møter motstand
Du kan også hente ut billett i kinokiosken sine opningstider på kulturhuset Frist for å hente ut billett: 21. september.
Program
- Kl. 09.00–10.00
- Kaffi og høve til å sjå dei nye lokala til Frivilligsentralen i Voss kulturhus.
- Representantar frå Hukommelsesteamet, støttekontakttenesta og Pårørandeforeininga ved Voss sjukeheim er til stade. Her vil det vere ein møteplass for pårørande der ein kan utveksle erfaringar med andre i same situasjon, få nyttig informasjon og få høve til å stille spørsmål.
- Kl. 09.45
- Velkomen ved Tor Helmer Halvorsen i kultursalen
- Kl. 10.00–14.30
- Direktesending av den digitale Pårørandekonferansen i Kultursalen.
Sjå eige program for konferansen her: Pårørandekonferansen 2026 – Pårørandesenteret