Vil du bli vår nye helserekrutt?

“Menn i helse” skal bidra til å rekruttera fleire helsefagarbeidarar til kommuneektoren. No er me på leiting etter nye deltakarar til kull 2024. Voss herad tek inn nye kandidatar i 2024.

Voss Herad søkjer no etter vaksne arbeidssøkjande menn som vil få tilbod om ein unik moglegheit til å ta fagbrev som helsefagarbeidar gjennom Menn i helse.

Utdanninga er komprimert og tilrettelagd for arbeidssøkjande menn i alderen 25 – 55+. Deltakarane får tittel som helserekruttar, og under utdanninga vekslast det mellom å motta ytingar frå NAV og lønn frå kommunen.  

 

Påmelding til informasjonsmøte

Ta sjansen og bli med på eit uforpliktande informasjonsmøte der du får informasjon om utdanninga, økonomi og jobbmoglegheitar. Helserekruttar frå tidligegare kull er og til stade og delar sine erfaringar og anbefalingar. 

  • Tid og stad: 30.01.24. kl. 12-14. Amalie Skram videregående skule, Lungegårdskaien, Bergen, Norge
  • Meld deg på her: NAV kursoversikt

 

I etterkant av møtet vil det bli gjennomført intervju. Etter intervju vil eigna og motiverte kandidatar få tilbod om ein 12 veker rettleia praksisperiode som helserekrutt på sjukeheim eller tilsvarende. Deretter er det sommarjobb og vidare utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeider.

Er du vår neste mann? Grip moglegheita! 
Kjenner du nokon som ynskjer ein slik moglegheit? Tips dei om Menn i helse! 

Har du spørsmål om Menn i helse?  
Ta kontakt med fylkeskoordinator: Kjetil Kvidahl