Voss herad – ein solsmart kommune!

Voss er no ein av Kreftforeninga sine solsmarte kommunar. Gjennom nettverket ynskjer Kreftforeninga å støtta kommunar med ressursar, materiell og fagleg påfyll som kan setta fokus på førebygging av hudkreft. 

Noreg ligg på topp på verdsbasis når det kjem til hudkreft, og Vestland er i denne samanheng nummer fire av dei norske fylka. 

Kreftkoordinatoren arrangerer solvettdag!

Kreftkoordinator i Voss herad, Kirsti Buset, arrangerer solvettdag for å setja fokus på førebygging av hudkreft! 

Torsdag 28. mai vil Buset vera tilstade på alle apoteka på Voss, så ta gjerne ein tur innom å få gode tips om korleis du på best mogleg måte kan verna deg mot sola!