Voss Herad

Krigen i Ukraina

Voss herad riggar seg for å busetja mange flyktningar, som fylgje av krigen i Ukraina.

Her finn du informasjon om kva Voss herad gjer, og korleis du kan hjelpa: 

Kva gjer me i Voss herad?   

 

Har du plass til flyktningar

Har du plass til flyktningar

Voss herad vil ha behov for mange bustader når me skal busetja flyktningar, og treng hjelp for å få det til. Kan du hjelpa, ta kontakt med oss ved å fylla ut skjemaet.

Har du plass til flyktningar frå Ukraina?

Krigen i Ukraina har sendt mange menneske på flukt. Voss herad ynskjer å kartleggja kven som har husrom til leige. I dette skjemaet kan registrera kor mange du har plass til, og kontaktinformasjon til deg som kan leiga ut. Me veit ikkje behovet, men samlar opp innspel, og tek kontakt om me treng hjelp. Takk for at du vil hjelpa!

Fortel om bustaden, adresse, storleik, tal sengeplassar, møblert/umøblert, del av bufellesskap eller separat bustadFortel om bustaden, adresse, storleik, tal sengeplassar, møblert/umøblert, del av bufellesskap eller separat bustad
Felt merka med * må fyllast ut

 

Dei som tidlegare har meldt inn bustader på e-post, telefon eller anna, treng ikkje fylla ut skjemaet på nytt.