Voss herad riggar seg for å busetja mange flyktningar, som fylgje av krigen i Ukraina.
Her finn du informasjon om kva Voss herad gjer, og korleis du kan hjelpa:
Kva gjer me i Voss herad?
For å søkja kollektiv beskyttelse, må ukrainske borgarar registrera seg hjå politiet. Her finn informasjon:
Lenkje til politiet
Voss herad jobbar no med å byggja opp kapasitet til å ta i mot ukrainske flyktningar på ein god og skikkeleg måte. Sist veke vart heradet oppmoda om å ta i mot 175 flyktningar i år.