Internkontroll Voss herad

Føremålet med internkontroll er å sikra at me har kvalitet og effektivitet i tenestene våre og at me følgjer lovverk og føreskrifter. Sentrale verktøy for internkontrollen er formalisering, risikovurdering og avvikshandtering. Internkontrollen i Voss herad er soleis eit viktig element i Styring i Voss herad, og ein viktig del av kvalitetsarbeidet me gjer

   Alle kommunar har sjølvstendig ansvar for å føra kontroll med eiga verksemd. Ansvaret er lovfesta i kommunelova § 25-1, og det er rådmannen som har overordna ansvar for internkontrollen i Voss herad. Me skal likevel ha internkontroll på alle nivå i organisasjonen, og alle leiarar har ansvar for kontroll i eiga avdeling. Det er difor viktig at me legg til rette for dette. Lova spesifiserer ikkje korleis me skal jobba i praksis, så me må tilpassa internkontrollen til vår verksemd. Me må definera kva god internkontroll er i Voss herad, og setja føringar for arbeidet framover. Dette internkontrolldokumentet skal gjera nettopp det, og den skal vera eit verktøy som gjer det enklare for deg som leiar å ha den kontrollen du treng i avdelinga di.

Internkontrolldokumentet tek utgangspunkt i KS sin “Orden i eget hus” som er ein praktisk rettleiar for rådmannen sin internkontroll. Om du ynskjer å lesa meir om tema som vert omtalt i dokumentet, finn du rettleiaren her: Orden i eget hus.

 

«Internkontroll er i stor grad sunn fornuft og god praksis satt i system».

Internkontroll handlar i stor grad om god leiing, organisering og styring av arbeidet, og om endring, utvikling og læring. Leiarar og medarbeidarar på alle nivå er difor viktige i internkontrollarbeidet.