10-faktor medarbeidarundersøking

I Voss herad brukar me 10-FAKTOR frå KS som medarbeidarundersøking. Ved å spørja alle tilsette om korleis dei opplever det er å jobba i heradet, ynsker me å få kartlagt kva me bør jobba med for å utvikla oss til det betre.

Kvifor 10-faktor?

10-FAKTOR er eit forskningsbasert verktøy for å måla ti faktorar som er avgjerande for å oppnå gode resultat – og som kan verta påverka gjennom målretta utviklingsarbeid. I KS Læring kan du ta kurset 10 FAKTOR Voss herad

Gjennomføring i 2023

I Voss herad gjennomfører me undersøkinga for tredje gong  i 2023. Når resultata er klare, skal kvar avdeling saman sjå på resultata og deretter arbeida med å velja ut faktorar og forbetringstiltak. Me ynsker at dei to avdelingsmøtene er gjennomført og registrerte før sumaren, dvs innan 1.juli 2023. Me har delt opp arbeidet i fem steg: 

Frukostmøte og rettleiing

Er du leiar, kan du delta på

  • frukostmøte førebuing til undersøkinga 27.01.23.
     
  • analysesamlingar:
    - 07.03.23 kl. 09:00 - 12:30
    - 13.03.23 kl. 12:00 - 15:30
    - 16.03.23 kl. 09:00 - 12:30
     
  • frukostmøte om arbeidet med analyse av resultat 30.04. eller 13.04.23.

Påmelding kjem ( førstemann til mølla)

Om du etter leiarsamlinga og deltaking på frukostmøte, skulle ynske meir hjelp til anten å sjå på resultata og/eller førebu gjennomgang i avdelinga di, så kan du kontakta oss i HR og innovasjon. 

Vil du vita meir? Les meir om 10-faktor på KS sine nettsider. 

Tilbake til Leiarutvikling