Lean - kontinuerleg forbetring

   

I heradet skal me ta i bruk Lean for å involvera alle tilsette i arbeidet med å forenkla, forbetra og fornya. Lean handlar om å setja  brukar/kunden i sentrum og involvera dei tilsette i systematisk arbeid med problemløysing. Målet er å skapa god flyt i vår produksjon av tenester.

Voss herad skal vera ein attraktiv og god arbeidsplass. Me ynskjer oss ein innovativ og endringsdyktig organisasjon med høgt meistringsklima og kultur for kontinuerleg forbetring. 

Me har ein introduksjonsdag i Lean der deltakarane får praktiske øvingar og innføring i verktøy som kan vera til hjelp i forbetringsarbeid i eiga eining. Målet er at alle tilsette får vera med på ein slik dag.

KS Læring er vår læringsportal og her finn du e-læringskurs i Lean som du kan ta når det passar.

Lean - Introduksjonskurs

Lean - Prosess, metode og verktøy

Me har óg ei teamsgruppe som heiter Vossalean, der du finn opplæringsmateriale, informasjon, diskusjon, statistikk over forbetringar og skjema for innmelding av gjennomførte forbetringsforslag. Vossalean

På Lean Forum Norge sine Youtube-sider kan du sjå korleis ulike norske verksemder brukar Lean.

Tilbake til Leiarutvikling