Medarbeidar - kompetansekravI Voss herad er me opptekne av at våre tilsette får naudsynt informasjon og opplæring. Me har difor satt opp kompetansekrav som er obligatoriske for alle tilsette, og det er spesielt viktig at nytilsette set av tida til å verta kjende med oss som arbeidsgjevar. Sist endra 25.06.2024 10.29 I lista under finn du tiltaka som skal syta for at du tilegner deg viktig kompetanse som tilsett i Voss herad. Lenkjene går til nettkurs, informasjon du sjølv må setja deg inn i eller er tiltak som du må gå i gjennom saman med næraste leiar.Kompetansekrav til alle tilsette i Voss heradTilsett i Voss herad - nettkurs i KS Læring - BrukarrettleingEtiske val Voss herad - nettkurs i KS Læring Lean introduksjonskurs - nettkurs i KS Læring Heimesida vår: "For tilsette" Personalhandboka HMS-handbokaVisma personalsystem BerekraftskursBranninstruks og rømningsvegar ved din arbeidsplass - gjennomgang med næraste leiarOm du er heilt ny, er det i tillegg viktig at du får god introduksjon og blir kjend med kollegaer og organisasjonen. Me har difor laga eit introduksjonsprogram for nytilsette som du skal gå i gjennom saman med næraste leiar. Det finn de her. I Voss herad brukar me Microsoft 365 og du finn opplæring av Microsoft 365 her. Er du tilsett og har ei leiarstilling med personalansvar, har du i tillegg desse kompetansekrava.