32 ukrainarar busett til no

Det er til no busett 32 flyktningar frå Ukraina i Voss herad. Av desse er det ni born som skal gå på barneskule, fem som skal gå på ungdomsskule og ein som skal gå på vidaregåande.

Fram til 18. september kjem det 14 fleire, slik at det samla talet på flyktningar frå Ukraina vil vera 46. Alle desse har heradet bustad til.

Fram til slutten av november veit me at me skal busetja ytterlegare 38 flyktningar frå Ukraina, åtte frå Kongo og to frå Syria. Heradet har tilgang på nokre bustader, men det er ikkje avgjort kven som skal bu kvar av dei som kjem etter 18. september.

Ei utfordring er at mange av husværa me har tilgang på, er store, medan dei me skal skaffa bustad til ofte kjem i familiar på to eller tre personar. Voss herad har difor behov for å ha fleire mindre husvære.

Det er litt upresise meldingar om talet som kjem litt fram i tid, sidan dei som kjem kanskje har med seg familiemedlemar. Ut frå den busetjingstakten me har nok og det me veit om talet som er venta ut året, vil me truleg ha tatt i mot ein plass mellom 100 og 120 flyktningar totalt ved årsslutt. I utgangspunktet har Voss herad sagt at me kan busetja 175 flyktningar i 2022, men ut frå tilgangen me har på bustader, vil det vanskeleg å busetja så mange.

Det er likevel gledeleg at me stadig får meldingar om ledige bustader. Voss herad reiser på synfaring til desse så snart me har tid og kapasitet.

Det er no born frå Ukraina på Evanger skule, Vangen skule og på ungdomsskulen. Me har også bustader i Granvin, så truleg  kan skulen I Granvin få elevar frå Ukraina. Det er også fleire ledige bustader på Evanger.

I sommar har me hatt tilbod for ukrainarar i Vonheim. I utgangspunktet har Vonheim vore ope tre dagar i veka, men i periodar har me redusert tilbodet for heller å aktivt invitera alle til å koma ein dag i veka. Lærdommen me har gjort oss er at personleg invitasjon gjer at folk kjem. Dei ukrainske borna som har kome til Voss har fått fritidskort. Me har fått gode tilbakemeldingar på dette tilbodet. Det er mogleg at me skal halda fram med eit slikt tilbod om eit treffpunkt også utover hausten. Kommunalavdeling for Kultur og fritid vil i dialog med Integreringstenesta gjera vurderingar og komme med framlegg til kva dette kan vere.