Covid-19 denne veka

Prøvesvar som er venta i løpet av helga vil i stor grad definera storleiken på det lokale utbrotet av covid-19. Dette vil også vera avgjerande for kva tiltak som vert innført.

I løpet av fredag vert eit stort tal personar testa for covid-19 i samband med fleire nye smittetilfelle denne veka. Det er denne veka snakk om fire tilfelle som kan sporast til ei reise på Nord-Vestlandet og eitt tilfelle som me ikkje kan spora attende til smittekjelde.

I samband med dei fire tilfella som kan sporast, er ein kohort ved Tueteigen barnehage, med 18 born og fem tilsette, sett i karantene. Desse vert fylgd opp med testing. Dette gjer også at det potensielt er mange som kan har vore eksponert for smitte i Granvin, slik at Voss herad har stengt Granvin sjukeheim for besøkande. Fredag vart også dei tre andre sjukeheimane i Voss herad stengde for besøk. Dette gjeld fram til måndag 31. august.

For det førebels siste kjende smittetilfellet, jobbar Voss herad med smittesporing. At me ikkje veit kvar smitta kjem frå, er urovekkande, og verste fall kan det bety at me har smitte i lokalsamfunnet me ikkje har kontroll på.

Hugs smittevernreglane

Det er god grunn til å terpa på smittevernreglane me alle kjenner: Hald avstand, vask hendene og hald deg heime om du kjenner deg sjuk. Det er avgjerande at alle no fylgjer desse reglane, slik at me kan hindra spreiing av smitte.

Stor pågang

Svært mange tek kontakt med testsenteret, og me forstår at det er frustrerande å ikkje nå fram. Voss herad jobbar med å ha god nok kapasitet, men det er krevjande å få på plass nok folk. Det er likevel viktig at ein ikkje då ringjer legevakt for å be om test eller med generelle spørsmål knytt til covid-19. Dette er med på å blokkera legevakttelefonen, som er til for akutt sjukdom og andre spørsmål som naturleg går til legevakt.

For generelle spørsmål om covid-19, les oppdatert informasjon på Folkehelseinstituttet sine sider eller ring den nasjonale informasjonstelefonen på telefon 815 55 015.

Testing og karantene

Legevakt opplever også at ein del personar i karantene som fylgje av nærkontakt med ein som er smitta, tek kontakt for å bli testa, og koma seg attende på jobb ved negativt resultat. Voss herad presiserer at ein negativ test fritek ikkje dei som har vore i nær kontakt med ein smitta person for karantene, dei skal uansett vera i karantene i 10 dagar. Dei som er i karantene vert testa for å avklara om Voss herad må driva ytterlegare smittesporing eller ikkje.

Ved symptom som forkjøling, sår hals og feber skal du uansett halda deg heime til ein dag etter at har blitt symptomfri. Det er anbefalt å verta testa om du har desse symptoma. Det er likevel ikkje naudsynt at du vert testa på dagen, då du uansett skal halda deg heime. Testsenteret har stor pågang no og me oppmodar alle til å ha forståing for at me er i ein krevjande situasjon. Du får svar på telefon og testtidspunkt så fort me klarar å få det til, men det er stadfesta nærkontaktar som har høgaste prioritet. Alle nærkontaktar vert kontakta av smittesporingsteamet i Voss herad. Det er i vår interesse å få testa så mange som mogleg av dei som skal testast.