Digital Tryggleik – januar 2023

Her kjem åttande utgåve av «Digital tryggleik»: nyttig informasjon om korleis ein skapar ein trygg digital kvardag, både på jobb i heradet, men òg på privaten.

Kva skjer i tryggleiksverda for tida?

I januar kunne me lesa at Riksrevisjonen hacka seg inn i systema til høgskuler og universitet i Noreg. Riksrevisjonen er bekymra for korleis forskingsdata og opplysningar kan hamne på avvege. No oppmodar dei og fleire andre aktørar at me må prioritere IT-tryggleiken for å unngå dei mange negative konsekvensane, t.d. spreiing av sensitiv informasjon, økonomiske tap, samt tap av omdømme.

Skjermdump frå NRK.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Om du ynskjer på lese meir om saka kan du trykka her.

Men det er ikkje berre i Noreg me opplever at personar klarar å hacka seg inn i digitale system. I januar kunne me òg lese om den største lekkasjen som er registrert, der 26 milliardar personopplysningar har hamna på avvege. Hackarane har stole informasjon frå ein database som inneheld brukaropplysningar frå blant anna Twitter /X og LinkedIn. 
 

Skjermdump frå Tek.no

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Du kan lese meir om lekkasjen her.

Men.. korleis unngår me at dataane våre kjem på avvege?

Me som kommune behandlar ekstreme mengder opplysningar, og det får store konsekvensar for oss dersom dei kjem på avvege. Difor jobbar me kvar dag med å sikra at opplysningane held seg hjå oss. Ein viktig del av å ha god kontroll på opplysningane inneber at me har god kontroll på leverandørane våre. Når me anskaffar nye IKT-løysingar, må dei gjennom ein grundig vurderingsprosess, slik at me veit at leverandørane tek tryggleik på alvor. Det krev gode rutinar for korleis me anskaffar digitale løysingar. 

Rutinen for anskaffing av IKT-løysingar kjem i Compilo, og vil bli publisert her når den er ferdig. 

Ynskjer du meir informasjon om ein trygg digital kvardag? Bli med i teamet «Digitale tips og triks» på Teams!

Kontakt

Personvern i Voss herad
E-post
Telefon 56 51 94 00

Postadresse: 

Voss herad
Postboks 145,
5701 Voss

E-post: personvern@voss.herad.no