Digital Tryggleik - Januar 2023

Her kjem første utgåve av «Digital tryggleik»: nyttig informasjon om korleis ein skapar ein trygg digital kvardag, både på jobb i heradet, men òg på privaten.

Kva skjer i tryggleiksverda for tida?

I jola 2022 har tryggleikssjefen i Atea vore i media og åtvara om dataangrep. Svindlarane veit at mottakarane er meir stressa i høgtida, og utnyttar dette når dei lagar skadeleg innhald i e-postane sine.

Skjermdump frå NRK.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Om du vil lese meir om saka kan du trykkje her.

Men.. Korleis veit du eigentleg om lenkja eller fila du mottek er trygg?

Før du opnar lenkja kan du stille deg sjølv nokre kontrollspørsmål:
- Kven er avsendar?
- Har du venta på noko spesielt frå avsendar, eller kjem innhaldet overraskande på deg?
- Korleis ser lenkja / fila ut? Er innhaldet relevant?

Om du vert usikker kan du alltids spørje avsendar kva saka gjeld, eller kontakte IT-avdelinga om kva ein skal sjå etter. Dersom avsendar kjem med skadeleg programvare eller har vonde intensjonar bør du varsla både IT og kollegaene dine om kva som har skjedd (som ein god jungeltelegraf)!

Ynskjer du meir informasjon om ein trygg digital kvardag? Bli med i teamet «Digitale tips og triks» på Teams!

Kontakt

Personvern i Voss herad
E-post
Telefon 56 51 94 00

Postadresse: 

Voss herad
Postboks 145,
5701 Voss

E-post: personvern@voss.herad.no