Digital Tryggleik - Mai 2023

Her kjem tredje utgåve av «Digital tryggleik»: nyttig informasjon om korleis ein skapar ein trygg digital kvardag, både på jobb i heradet, men òg på privaten.

Kva skjer i tryggleiksverda for tida?

Norske myndigheiter åtvarar mot bruk av både TikTok og Telegram. Fleire offentlege etatar, kommunar og private selskap følgjer etter, og fjernar desse frå tenestetelefonane sine. Kva er eigentleg problemet med desse «appane»?
 

Skjermdump frå NRK.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Selskapa bak applikasjonane vert kritisert for manglande tryggleik, men òg korleis dei samlar informasjon du har på einingane dine, til dømes: kontaktar, meldingar, lokasjon og biometri (korleis du ser ut). Teknologiekspertane er framleis usikre på kor mykje informasjon som faktisk vert samla inn, og om informasjonen hamnar hjå framande styresmakter i landa der applikasjonane vart utvikla (Kina og Russland).

Om du vil lese meir om saka angåande TikTok og Telegram kan du trykkje her.

Men.. kva bør me i Voss herad gjera?

Voss herad har ikkje noko formell tryggleiksvurdering av TikTok eller Telegram, men me oppfordrar til å følgje råda som kjem frå myndigheitene. Me rår dei tilsette til å ikkje installera desse appane på felles tenestetelefonar og at ein er medviten på kva det betyr å ha appane installert på privat telefon.

Ta ei vurdering og still deg sjølv spørsmålet: har du informasjon liggjande som ikkje bør kome på avvege? Då er det lurast å ikkje installere appane ovanfor.

Ynskjer du meir informasjon om ein trygg digital kvardag? Bli med i teamet «Digitale tips og triks» på Teams!

Kontakt

Personvern i Voss herad
E-post
Telefon 41 56 79 67

Postadresse: 

Voss herad
Postboks 145,
5701 Voss

E-post: personvern@voss.herad.no