Digital Tryggleik - Mars 2023

Her kjem andre utgåve av «Digital tryggleik»: nyttig informasjon om korleis ein skapar ein trygg digital kvardag, både på jobb i heradet, men òg på privaten.

Kva skjer i tryggleiksverda for tida?

I januar 2023 vart TV2 råka av fleire dataangrep frå utanlandske aktørar. Dei brukte blant anna brukarar og passord som vart stolen og publisert på internett for å logge seg på tenesta til TV2 (TV2 Play). Nettsida til TV2 var også nede kvelden fredag 6. januar.

 

Skjermdump frå TV2.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Om du vil lese meir om saka kan du trykkje her.

Men.. korleis lagar ein eit godt passord?


Her kjem nokre tips til kva ein må tenkje på:
- Minst 14 teikn eller 5 ord.
- Legg til nokre tall, symbol, mellomrom og forskjellig størrelse på bokstavane.
- Ha eit unikt passord for kvar brukarkonto/nettside ein brukar.

Døme på eit passord: «EglikarPåskenogski1.påskedag!»

Om du ynskjer fleire tips til gode passord og «påloggingsvanar» kan du besøke nettvett.no.

No kan du også endre passord her.

Kontakt

Personvern i Voss herad
E-post
Telefon 56 51 94 00

Postadresse: 

Voss herad
Postboks 145,
5701 Voss

E-post: personvern@voss.herad.no