Digital Tryggleik - November 2023

Her kjem sjuande utgåve av «Digital tryggleik»: nyttig informasjon om korleis ein skapar ein trygg digital kvardag, både på jobb i heradet, men òg på privaten.

Kva skjer i tryggleiksverda for tida?

Datatilsynet har sidan sommaren gitt Meta, selskapet bak Facebook og Instagram, ein million i bøter kvar dag for brot på personopplysningslovgivinga. 

Skjermdump frå NRK.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Datatilsynets vedtak vart utvida til å gjelde heile EØS no i haust. Bakgrunnen for bøtene er at Meta ikkje følg krava for å nytta innsamla data til marknadsføring, og at Datatilsynet krev at Meta stansar bruk av våre persondata til åtferdsbasert reklame inntil dette vert løyst. Slike reklamar vert ofte omtalt som «overvakingsbasert reklame» fordi informasjonen som me gir frå oss gjer at leverandøren kan bestemme kva reklame vi me ser på plattforma. 

Om du vil lese meir kan du trykkje her.

Det er ikkje lett å vite kva opplysningar me gir frå oss til ein kvar tid, og kva rettar me har som brukarar. Me som offentleg organisasjon må ha kontroll på opplysningane me rår over, og at me er sikre på at dei som handterer opplysningane for oss følg lova.

Difor er me som kommune pålagt å:

  • Ha god oversikt over kva opplysningar me handterer
  • Ha gode avtalar med leverandørane som sikrar lovleg og god behandling av data og opplysningar
  • Gjere gode risikovurderingar på systema som handterer opplysningane våre, slik at me veit at dei er trygg.


Ynskjer du meir informasjon om ein trygg digital kvardag? Bli med i teamet «Digitale tips og triks» på Teams!
 

Kontakt

Personvern i Voss herad
E-post
Telefon 56 51 94 00

Postadresse: 

Voss herad
Postboks 145,
5701 Voss

E-post: personvern@voss.herad.no