Digital Tryggleik - September 2023

Her kjem femte utgåve av «Digital tryggleik»: nyttig informasjon om korleis ein skapar ein trygg digital kvardag, både på jobb i heradet, men og på privaten.

Digital tryggleik i heradet 2022-2023

No kjem Noreg straks inn i den årlege tryggleiksmånaden for 13. gong. Førre gong fekk Voss herad merksemd i lokalavisa, då leiarane for Innbyggarservice og IT og digitalisering heldt foredrag i digital tryggleik på Kulturhuset.

Skjermdump frå Avisa Hordaland.


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det har skjedd litt av kvart for å betre den digitale tryggleiken hjå oss det siste året. Her kjem nokre punkt:

1. Voss herad har tilsett fleire som jobbar med å betre den digitale tryggleiken. Du finn desse personane hjå IT og digitalisering på Tinghuset.

2. Som eit resultat av samlokaliseringa av ressurspersonar har me oppretta prosjektgrupper som jobbar med å styrka interne rutinar når det kjem til digitale løysingar. Ein av dei største prosjekta har vore ein prosedyre for anskaffing av digitale løysingar. Sjølve prosedyren kjem i Compilo no i haust.

3. Våre tilsette oppdagar fleire avvik knytt til informasjonstryggleik og personvern. Mykje av årsaka er at digital tryggleik har fått meir merksemd i arbeidskvardagen. Då vert tilsette meir årvakne enn tidlegare, og dermed flinkare til å rapportere avvik slik at me kan handtere dei.

4. IT og digitalisering har innført fleire nye tekniske tiltak som gjer at våre digitale einingar vert tryggare.

 

Me oppfordrar alle tilsette til å sette av litt tid til å sjå på diverse informasjonen som kjem ut no i oktober.

Ynskjer du meir informasjon om ein trygg digital kvardag? Bli med i teamet «Digitale tips og triks» på Teams!

Kontakt

Personvern i Voss herad
E-post
Telefon 41 56 79 67

Postadresse: 

Voss herad
Postboks 145,
5701 Voss

E-post: personvern@voss.herad.no