Digital Tryggleik - Tryggleiksmånaden 2023

I denne spesialutgåva skal me sjå på korleis kunstig intelligens (KI) kan påverke oss og vår arbeidskvardag i framtida.

Du har kanskje allereie nytta løysinga ChatGPT, chatboten som svarar deg på spørsmål i tekstformat? Løysinga vart lansert i 2022 og fekk stor merksemd i media. 

Berre dei siste åra ser me ei endring i kor mykje me nyttar KI i kvardagen, spesielt innanfor helse- og omsorgsfeltet. Kanskje vil me sjå meir av KI i handsamingsprosessane internt i kommunane?

Du kan lese meir om bruk av KI i offentleg sektor her.
 
Men det er ikkje berre positive nyheiter.. Me ser òg korleis KI vert nytta til kriminelle og ondsinna føremål. I Spania opplevde KI vart nytta til å generere falske bilete av mindreårige.

Skjermdump frå NRK.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ein annan utfordring er korleis KI gjer det vanskeleg å skilje mellom falske og ekte personar, og at fleire då vert svindla og manipulert. 
 

Skjermdump frå NRK.


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Og kor hamnar eigentleg informasjonen me gir frå oss til desse chatbotane? 

Me veit ikkje kva konsekvensar KI vil ha for framtida, men me veit at utviklinga skjer ufatteleg fort. Det er noko me som tilsette bør vere medvitne i møte med ny teknologi. Kva utfordringar ser du med KI, og korleis påverkar dette din kvardag?

Ynskjer du å vite meir om KI? Sjekk ut desse to podkastepisodane frå NRK Radio:

https://radio.nrk.no/podkast/trygdekontoret/l_27ff5545-e532-4a44-bf55-45e5324a44ce

https://radio.nrk.no/podkast/trygdekontoret/l_4f6b7be9-8d60-4b7d-ab7b-e98d609b7ddd