Endringar i koronakommunikasjonen

I og med at pandemien er gått over i ei ny fase, med svært få tiltak, vert det også endringar i Voss herad si handtering av pandemien, og i kommunikasjonsarbeidet.

  • Voss herad planlegg gradvis avvikling av vaksinesenteret, og reduserer opningstida på testsenteret. Heradet avsluttar også smittesporinga, men ber om at alle fylgjer oppmodingane frå sentrale helsestyremakter.
  • Voss herad avsluttar no smittesporinga, det betyr at dei som er smitta ikkje vil få SMS av heradet. Gjeldande reglar og råd vil til ein kvar tid ligge på heradets heimeside.  Dei som testar positivt på PCR vil som før få melding om dette via HelseNorge.
  • Born treng ikkje testa seg, men kan få tatt ein test dersom føresette ynskjer dette
  • Voss herad reduserer dagane på testsenteret. Denne veka vert det ope for testing måndag, onsdag og fredag, neste veke måndag til torsdag. Koronatelefonen vil vera bemanna kvar dag frå 9-12, og ved akutt behov for test, vil dette vera mogleg.
  • Hurtigtestar vert berre delt ut frå testsenteret; ikkje lenger frå barnehager og skular.

Frå sist laurdag er det endringar som seier at det berre er dei med symptom som er anbefalt å testa seg. Det seier seg sjølv at smittetala som då vert registrert på ingen måte vil gje eit rett bilete av den faktiske smittesituasjonen, og me kjem ikkje til å kommunisera smittetal, verken dagleg eller vekentleg.

Å tona ned kommunikasjonsarbeidet med pandemien er ein naturleg konsekvens av at pandemien er i ei ny fase, og at samfunnet går over til ein normaltilstand utan tiltak. Me er sjølvsagt i ein viss beredskap, fylgjer med og vil endra strategien dersom situasjonen skulle endra seg.

Dette vert nok mest synleg ved at områdemeldinga, det rosa banneret som har vore på nettsida til heradet sidan i mars 2020 er erstatta med ein koronalink øvst på sida. Linken peiker mot same område som områdemeldinga, men er naturleg nok mindre synleg.

Endringane fører også til at påbodet om at arbeidsgjevar skal leggja til rette for heimekontor er oppheva. For tilsette i Voss herad betyr det at vidare bruk av heimekontor skal avtalast med nærmaste leiar.