Kva betyr dei nye råda og tiltaka for oss i Voss herad?

Regjeringa kom med nye innstrammingar i råd og tiltak for å handtera pandemien. Poenget med desse tiltaka er å redusera talet på nærkontaktar, og få ned risikoen for auka smitte, til dømes på reise til og frå jobb, og på arbeidsplassen.

I tiltakspakka frå regjeringa vert det tilrådd auka bruk av heimekontor, samstundes som ei forskrift pålegg arbeidsgjevar å leggja til rette for heimekontor der det er mogleg. Tiltak og tilråding om heimekontor gjeld ikkje for tenester der det er nødvendig at tilsette er til stades for å kunna utføra arbeidet, til dømes ivareta sårbare grupper, born og unge.

For Voss herad betyr innstrammingane dette:

  • Leiarar med personalansvar må vurdera når det er mogleg for tilsette å ha heimekontor, og leggja til rette for dette. Avdelingar som har kontakt med besøkande må ta omsyn til dette i vurderingane. Dersom det ikkje let seg gjera å halda minst ein meter avstand mellom dei som er på jobb, skal det nyttast munnbind der det ikkje er fysiske barrierar som til dømes skiljeveggar og liknande. Reglane om heimekontor gjeld ikkje for tenester der dette er til hinder for at tilsette kan utføra nødvendige og lovpålagte oppgåver, til dømes i møte med born, unge og sårbare grupper.
  • Det er viktig å halda kalenderen oppdatert med omsyn til om ein er på heimekontor eller på arbeidsplassen.
  • Alle møte skal opprettast som hybridmøte, altså med lenkje til Teams.
  • Voss tinghus skal halda ope inntil vidare. Servicetorget er sett opp med fysiske barrierar mellom tilsette og besøkande.
  • Kantina vil halda ope som vanleg. Dette for å ha tilbod til tilsette på tinghuset som ikkje er på heimekontor, og for å syta for aktivitet for dei tilsette i kantina.

Her finn du alle nye råd og tiltak frå regjeringa: Nye råd og tilrådingar

Voss herad sin strategi i møte med pandemien er at me fylgjer nasjonale råd og tiltak. Dersom leiarar på dei ulike arbeidsplassane er usikre på korleis dei skal tolka reglar, råd og tilrådingar, kontakt ein av medlemene i den kommunale kriseleiinga, som også er leiargruppa til rådmannen.

  • Arild M. Steine: 988 80 485
  • Kjersti Nordanger: 456 01 401
  • Frode Monsen: 411 22 432
  • Torbjørg Austrud: 918 74 200
  • Trude Letnes: 416 79 533
  • Tor Halvorsen: 908 29 168
  • Liv Myklebust: 979 97 155
  • Mette Matthiessen: 970 50 365