Ny regional forskrift mot korona

Pandemien er kome inn i ein ny fase, og regionale tiltak vert og innført i Voss herad. Tiltaka er dei same som vart innført i Oslo og kringliggjande kommunar torsdag. Målet er tiltak som avgrensar smitte og som tek ned presset på helsetenestene våre, på same tid som me skal halda samfunnet ope.

For arbeidskvardagen til alle tilsette i Voss herad betyr forskrifta fylgjande:

  • «Påbod om at arbeidsplassar der heimekontor er mogleg utan at det går utover viktige og naudsynte tenester, skal syta for at tilsette jobbar heimefrå heile eller deler av veka.» Leiar må vurdera om og eventuelt korleis ein kan leggja til rette for at delar av dei tilsette kan jobba heimefrå nokre dagar i veka. Naudsynte tenester, som til dømes rettar seg ut mot publikum, brukarar og elevar er ikkje omfatta av påbodet.
  • Ved oppretting av møte må det leggjast til rette for at møta kan avviklast via Teams
  • Er ein sjuk, skal ein sjølvsagt halda seg heime.

 

Dei nye tiltaka trer i kraft kl 21.00 i kveld og er som følgjer:

  • Påbod om bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å halda avstand minst ein meter avstand i butikkar, kjøpesenter, kollektivtransport og taxi. Plikta til å bruka munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre grunnar ikkje kan bruke munnbind.
  • Påbod om at arbeidsplassar der heimekontor er mogleg utan at det går utover viktige og naudsynte tenester, skal syta for at tilsette jobbar heimefrå heile eller deler av veka.
  • Avgrensing i tal på deltakarar for private arrangement innadørs. Inntil 100 personar på offentleg stad eller i leigde eller lånte lokale.
  • Plikt for serveringsstader og arrangørar til å ha system for å registrera gjestar og for å varsla gjestar om smitteeksponering
  • Krav om bordservering av alkohol for serveringsstader og arrangement med skjenkeløyve.
  • Krav om sitjeplassar for serveringsstader med skjenkeløyve. Det kan maksimalt vere 600 i publikum på innandørs arrangement utan faste tilviste plassar. Dei skal delast i kohortar som ikkje er større enn 200.

Tiltaka gjeld i desse 12 kommunar i Vestland: Alver, Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Kvam, Osterøy, Samnanger, Vaksdal Voss og Øygarden.

Tiltaka gjeld inntil vidare. Her kan du lesa pressemeldinga frå regjeringa om den nye forskrifta: Pressemelding