Nye koronatiltak

I dag, søndag 3. januar er det kome nye reglar, råd og tilrådingar frå regjeringa for å hindra spreiing av koronasmitte. Regjeringa skil mellom reglar nedfelt i forskrift, og tilrådingar. Voss herad har sidan pandemien kom i mars fylgt alle tilrådingar som er kome, sjølvsagt i tillegg til reglane. Dette held me fast ved. Dei nye tiltaka gjeld i første omgang til og med søndag 17. januar.

Barnehagar og barneskular skal halda fram som før jol, for ungdomsskulane vert det innført raudt nivå. For Voss sin del inneber dette at Voss ungdomsskule har digital undervisning måndag 4. januar, slik at skulen får rigga seg til deling av klassane slik som i fjor vår. For ungdomsskuletrinna på Granvin og Vossestrand vert det ordinær undervisning, som desse trinna kan gjennomføra også på raudt nivå. Skulane informerer heimane direkte om detaljar og praktisk gjennomføring. Også dei vidaregåande skulane går til raudt nivå, her vil fylkeskommunen som skuleeigar handtera både informasjon og det praktiske.

Regjeringa ber alle om å ikkje ha besøk heime dei neste to vekene. Det betyr også at du ikkje skal gå på besøk til andre. I dette ligg det også at sjukeheimane vert stengde for besøk. Tiltaket gjeld ikkje dei som er avhengig av heimeteneste og menneske som er i livet si siste fase. Dei som bur åleine kan ha besøk av ein eller to nære vener, eller besøka ein husstand.

Born i barnehage og barneskule kan besøka andre i same kohort. Det er lov fordi det er lite smitte mellom born.

Frå og med måndag 4. januar og i to veker vert innført heimekontor for alle kommunalt tilsette som kan ha heimekontor. Det vert opp til einingsleiarane å avgjera kven som ikkje kan jobba frå heimekontor. Inntil vidare vert ikkje Voss tinghus stengt for publikum, av praktiske omsyn, men vil verta vurdert fortløpande. For ikkje-kommunale verksemder vert det opp til arbeidsgjevar om tilsette skal ha heimekontor, men Voss herad oppmodar alle om fylgja dei tilrådingane som kjem frå regjeringa.

Vidare har regjeringa innført desse nye reglane, som er festa i forskrift.

  • Det vert forbode å skjenka alkohol, men serveringsstadane kan elles halda opent
  • Det kan maksimalt vera fem personar saman på private samkome utanfor eigen heim, til dømes bursdag i leigde lokale
  • Det kan maksimalt vera ti personar på innandørs arrangement på offentleg stad eller i leigde lokale, men inntil 200 personar om alle sit i fastmonterte sete. I gravferd kan det vera inntil 50 personar  sjølv om det ikkje er fastmonterte sete.

 

I tillegg til dette er dette råd og tilrådingar som gjeld alle:

  • All undervisning og alle planlagde arrangement ved universitet, høgskular, fagskular og liknande vert gjort digitale fram til 18. januar.
  • Alle vidaregåande skular og ungdomsskular i landet vil gå over i raudt nivå.
  • Unngå alle unødvendige reiser i inn- og utland. Du kan reisa på hytta saman med dei du bur i lag med.
  • Alle som kan ha heimekontor, bør ha det
  • Kjøpesenter og butikkar bør ha avgrensingar i tal på kundar samtidig og adgangskontroll slik at det er mogleg å halde avstand. Dette kan verta forskriftsfesta.
  • Regjeringa tilrår at alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynssamlingar innandørs vert utsett til etter 18. januar. Dette gjeld også aktivitetar som samlar born og unge på tvers av klassar og kohortar. Gravferder skal framleis kunne gjennomførast.
  • Utandørs aktivitetar kan gjennomførast om det er mogleg å holde god avstand, det vil seia minst ein meter.