Nyheitsbrev 1. september

Me har nyheitsbrev i dag også. Men det skal ikkje vera vekentlege brev utover hausten, men for å koma i takt vart det to på rappen no. Stikkord: Vossadagen, dagsturhytte, val og PwC.

Over 50 lag er påmelde til Vossadagen laurdag 2. september. Dette er frivilligheita sin dag på Voss, og det vert både stands og aktivitetar på Torget, i Bergsliparken og Vangsgata. Les meir her: Vossadagen

Neste søndag, altså 10. september, er det offisiell opning av Dagsturhytta, som ligg på Klepp, om lag 600 m.o.h. Det er skilta til hytta frå Hangurstoppen, men og tilkomst både frå Mølstertunet og Heggjavad. Les meir både om ruter til hytta og opninga her: Opning av Dagsturhytta

Me minner også om at kulturminnedagane opnar i kveld, fredag 1. september kl 19.

Valet

Me har att berre ei veke av førehandsrøystinga, som frå og med måndag flyttar seg inn i heradsstyresalen på Voss tinghus. Men det er forehandsrøysting fleire stader i heradet, les her for å sjå kvar du kan røysta. Valet 2023. Ved utgangen av fredagen har 1908 personar førehandsrøysta til kommunestyre- og fylkestingsvalet på Voss. 70 har røysta til andre kommunar.

PwC

Det er stor aktivitet på og kring Vangen for tida. OG meir skal det verta denne helga, når kring 2.400 tilsette i selskapet PwC Norge er på Voss for oppleva mat, drikke og alt vossebygda har å by på. Arrnagementet heiter Saman 2023, og er eit arrangmenet for PwC Norge, der eventbyrået «All in» og Ekstremsportveko har jobba med tilrettelegging. Arrangementet set preget sitt på Voss hdenne helga, der alt av overnatting er tinga, og eit gigantisk telt på Presetegardslandet skal husa arrangementet.