Nyheitsbrev 10. november

Det er fredag, og stikkord for dagens nyheitsbrev er språkkurs, val av hovudverneombod, ny startside for alle, kinesisk røykelov, kunstig intelligens, seminar om arbeidskraft og meir om grøn november. Og du, Andreas Wahl er med også. 

Dei siste to vekene har to gode gjengar deltatt på kurset På sakslista, eit glimrande språkkurs retta mot offentlege tilsette som skriv dokument som skal lesast av andre folk. Me håpar jo at dette vil gjera all korrespondanse frå dei som deltok endå betre. Nytt kurs kjem over nyttår, det er avgrensa plassar, og det er ikkje plass til alle. Nokon kjem til å koma med ei tilråding om kva grupper som bør få tilbodet først, og om nokon vert oppmoda særleg om å melda seg på.

Hovudverneombod og vara

Utdanningsforbundet og Fagforbundet har gjennomført val av hovudverneombod og vara for perioden 2024-2025. Trude Erna Kvarekval Lydvo er valt som hovudverneombod, men Randi Eikanger Kalsaas som vara.

Compilo som startside

Etter ein månads tid med utprøving hjå kvalitetsutvalet og nokon få andre, er me klare til å gjera noko heilt nytt. Det vert no felles startside på nettlesarane på kommunale PC-ar. Startsida vert Compilo, som er kvalitetssystemet vårt. Her finn me rutinar, retningsliner, dokumentbibliotek, avvikssystem med meir. Og midt på menylinja er det jamvel link til påloggingssida på nettsida vår, slik at du raskt finn dei andre systema du treng logga deg inn på. 
Vil du heller ha di eiga startside, seier du? Det må du gjere ha, på den private PC-en din. På Voss herad sine PC-ar vert Compilo startsida. Dette vert rulla ut, som IT kallar det, neste veke, så dersom startsida di er ei webadresse du berre har som startside, bør du legga denne sida som eit bokmerke eller favoritt i staden .

Meir om røykjing

Faksimile frå Hordaland

I sist nyheitsbrev vart det peika på at dei som røykjer, eller snusar, tygg tyggis eller anna tilhøyrande, ikkje må kasta frå seg sneipar og anna i naturen, men nytta eigna askebeger eller liknande. Ein lesar har tipsa om at det er ikkje tillate med røykjing framom inngangsdørene. Det er faktisk tydelege oppslag som seier at dette ikkje er lov. 
Det er nemleg slik at dei som skal inn gjennom dørene ikkje skal måtte gå gjennom røyk inn eller ut av huset. Det vert også meldt at dei som sit på kontora over desse områda får røyk inn dersom vindauga står ope. Så meldinga er klar, ikkje røyk der det er røykjing forbode. Og hugs å putt sneipen i askebeger. 
Men det vert ikkje innført hundre år gammal kinesisk røykelov altså. Og denne gjeld dessutan ikkje røykjing av lovleg vare… 

Foredrag om kunstig intelligens 

Torsdag 16. november arrangerer Hardanger og Voss Næringshage foredrag om kunstig intelligens. Tarjei Heggernes, førstelektor ved BI og forfattar av boka «Digital forretningsforståelse» skal halda foredraget. Han vil snakka om omgrepet kuntig intelligens og kva som ligg i det, men mest om praktisk bruk av kuntig intelligens i arbeidslivet. Vil du veta meir, om stad og påmelding? Klikk her: Kunstig intelligens på arbeidsplassen - distriktsutdanning.no

Arbeidseminar og jobbmesse

Fredag 17. november er det seminar om arbeidskraft og jobbmesse på Scandic Voss. Seminaret har som overskrifter «korleis skaffa, behalda og auka kompetansen». Rett etter seminaret er det jobbmesse mellom kl 12 og 14. Her kan arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar møta kvarandre til direkte speedintervju om dei ynskjer. 
Både seminaret og messa er eit samarbeid mellom NAV og Hardanger og Voss Næringshage, og går føre seg på Scandic Voss.

Grøn november

Kven sa at november må vera mørk, tung og regnfull? Hjå oss i Voss herad er november grøn og full av aktivitet. Berre sjå her:
Heradet arrangerer Grøn November 2023 der me legg til rette for ein månad med ulike arrangement innan berekraft. Føremålet er synleggjera og lyfte fram mangfaldet som finnast innan ombruk, sirkulære løysingar og bidrag innan sosial berekraft. Dette vert eit årleg arrangement, så kom og bli med på lærerike og sosiale aktivitetar! 
 

Program for Grøn November2023Program for Grøn November2023

Andreas Wahl kjem til Voss 14. november!

I høve Grøn November har me invitert fysikar, vitenskapsformidlar og programleiar til å halde eit føredrag og vitenshow for alle ungdomsskuleelevar i heradet. Andreas er ein fantastisk god formidlar som gjer kompliserte emner underhaldande og forståeleg. Framsyninga vil ta føre seg dei menneskeskapte klimaendringane og kva forsking og vitenskap kan slå fast om dette temaet. Det er mykje klimaskepsis i befolkninga, også hjå dei unge. Kva kan me gjera og kva må me gjera for å koma på rett kurs?
Det vert tre framsyningar i Voss Kulturhus for 8.-10. trinn og transport vert sett opp for Vossestrand og Granvin ungdomsskule.