
Kva sa rådmannen til heradsstyret?
Martin har skrive til Ordet fritt i Hordaland, du får lesa det først her:
Voss er ikkje åleine i verda. Me vert, som alle andre, sterkt påverka av det som skjer kring oss. Signal og politikk frå USA og Europa påverkar oss, tilgangen på fagfolk påverkar oss, tilflytting og fråflytting påverkar oss, alderssamansetninga mellom innbyggjarane påverkar oss.
Det som alltid vil vera prioritert er å gje innbyggjarane dei tenestene dei skal ha. Desse tenestene er i endring, i takt med at samfunnet endrar seg. Då må også Voss herad endra seg. Me manglar folk, og no også pengar. Det gjer at me er nøydde til å finna andre måtar å løysa mange av oppdraga våre.
Det er lite me kan gjera for å påverka skatteinngangen i andre og større kommunar. Eller i Noreg som heilskap. For den vert påverka av internasjonal handel.
Det er lite me kan gjera for endra samansetninga av innbyggjarane våre også – dei me er her for, me må først og fremst sjå på korleis me kan endra oss sjølve og få mest mogleg ut av dei ressursane me har – ganske likt slik det er i livet til kvar og ein av oss.
No står Voss herad overfor endringar og omstillingar me ikkje kjem unna. Dette kan smerta for mange av oss: tilsette, politikarar, pårørande og ikkje minst dei som nyttar tenestene våre. Me vil sikre at me opprettheld god nok kvalitet og best mogeleg tilgjengelegheit. Men, det er ikkje å kome unna at det å spreie tenestene gjer oss fleire utfordringar, spesielt knytt til å sikre god bemanning ved sjukefråvær, ferie – og ikkje minst ved rekruttering, kor mange no ynskjer seg større arbeidsfellesskap og meir fleksibilitet. Voss herad er ei stor og mangfaldig verksemd, som saman skal løysa dei utfordringane me står i.
Endring, omstilling og innsparing er alltid vanskeleg. Men endring kan også føra til både fornying og utvikling, og gjera oss betre rusta til å løysa oppdraga våre og gje innbyggjarane våre dei tenestene dei har krav på, i åra som kjem.
I starten av mai legg rådmannen fram konkrete forslag til endringar som både skal gje innsparingar på kort sikt, men som også har eit lenger perspektiv. Administrasjonen jobbar no, med å så langt som råd utgreia konsekvensane av dei ulike tiltaka, slik at dei folkevalde skal få eit best mogleg grunnlag til å vedta kva endringar som skal gjerast. Og for dei som ynskjer tal – om me ikkje gjer nokre effektiviserande tiltak i administrasjonen og med tenestene våre, vil me truleg ha brukt opp sparepengane (disposisjonsfondet) tidleg i 2026. Og til slutt, meir enn 90 prosent av alle midlane me nyttar går til tenestene våre, skule, barnehage, omsorg, vegar – om lag 6 prosent vert nytta for å drifte demokratiet vårt – politikk og administrasjon.
For å bidra til at flest mogleg kan vite kva val heradsstyret står framfor – og kva rådmannen seier, vil eg invitere til ope møte tysdag 6. mai klokken 18.00 i kultursalen på Voss kulturhus.
Påskehelsing frå Tonje og Benedicte
Me vil ynskja alle tilsette i Voss herad ein god påske. I år har me både bare bakkar og snø i fjella, me håpar mange får ein velfortent fridag eller to og får nytta enten ski eller tursko til å lufta tankane litt. Me vil også prisa dykk for at de står i utfordringane til kommunen vår, saman med oss folkevalde. Den økonomiske situasjonen er krevjande, både for innbyggjarar, tilsette og folkevalde. For å finna gode løysingar og for at me kan gjera gode vedtak er det heilt naudsynt at me arbeidar mot same mål - og det opplev me at me gjer.
Mange av oss er inspirert etter Vossadagane og me i politisk leiing tek med oss eit inspirerande sitat frå militærpsykolog Jon Reichelt "Dine holdninger er ditt bidrag til den kulturen du lever i; Din mulighet til å bidra til god stemning og trygghet".


Om kommentarfelt, rausheit og ytringsfridom
Ytringsfridomen står sterkt i landet vårt, heldigvis. Den gjeld alle, og så lenge du ikkje ytrar deg rasistisk eller hatefullt, kan du eigentleg seia kva du vil. Me som forvaltar fellesskapet sine ressursar må også tola å verta kritisert for dei vala me gjer som tilsette og leiarar. Også av kollegaer i andre avdelingar.
No er det tiltakande temperatur i ordskiftet, og ikkje minst i kommentarfelta i sosiale media. Det tyder på godt engasjement for korleis me i Voss herad gjer oppgåvene våre. Heldigvis, sterkt engasjement og god meiningsbryting skapar framdrift og utvikling. Men det er når ordskiftet hardnar til, engasjementet går over i sinne og frustrasjon, det ikkje er så konstruktivt lenger.
Medan nokon brukar ulike kommentarfelt som underhaldning, er det nokon som mister nattesøvnen. Dersom du kjenner ubehag av kommentarfelt, er det enklaste å la vera å lesa. Men det er ikkje alltid så lett å la vera, det er noko som trekkjer oss inn i dette sjølv om me kanskje veit at me ikkje likar alt me les. Og dersom du let deg påverka, er det viktig å ha med seg nokre tankar:
- Me må akseptera at folk er ueinige med oss
- Me må forstå at det er rolla vår, eller til den som står i stormen, kommentaren går til
- Me må anerkjenna at alt me gjer i ein kommune har stor innverknad på enkeltpersonar sine liv, eller på livet til nokon dei har kjær. Oppgåvene våre har konsekvensar for folk sine liv.
- Me må akseptera og ta til oss at dei som ikkje jobbar i kommunen er meir opptatt av tenesten dei får enn administrative oppgåver innan HR, arkiv, rekneskap og personvern.
Så ei oppmoding til slutt, alle tilsette har like stor ytringsfridom som alle andre, og det å delta i ordskiftet med den kunnskapen me har, styrkar ordskiftet. I den situasjonen me står i no, som er krevjande, er oppmodinga å vera litt ekstra rause med kvarandre, sjølv om dei du er kritisk til jobbar i ei anna avdeling. Me skal stå i dette i lag, og me skal koma oss gjennom dette i lag.
Åsmund Aarsand/ @Vossadagane
Garden på Lirhus fekk klima- og miljøpris Vossadagane
Garden på Lirhus fekk Voss herad sin klima- og miljøpris. Dei fekk prisen under Vossadagane, som denne veka samla full kultursal. Prisen vart delt ut av leiaren av utval for klima, miljø og beredskap, Margrethe Alm. Dette er grunngjevinga:
«I ei tid der mange barn har lite direkte kontakt med natur og matproduksjon, bidreg Garden på Lirhus til auka forståing for naturen og forvalting av ressursar. På lang sikt er dette klimaarbeid på "rot". Garden har vist seg å ha ein tydeleg pedagogisk og praktisk verdi for barn og unge, og er eit unikt tilbod som fortener støtte. Ein slik pris vil både synleggjera arbeidet Garden gjer, og peika ut retninga mot meir praktisk, naturretta læring og større bevisstheit om kor viktig naturen er for oss alle.»
Påske-kinderegg
Eit kinderegg skal liksom ha tre gode ting. Reduksjon i talet på skrivarar på Voss tinghus er betre enn som så, og er eit påske-kinderegg, for me har fire gode ting å melda om, både innan klima, folkehelse, arbeidsmiljø og økonomi.
- Me sparar 50.000 kroner i året i redusert leige.
- Me har redusert omfanget av utskrifter på 65.000 i året, tilsvarande 26 øskjer med kopipapir, som er bra for klima og miljø.
- Tilsette treff kollegaer frå andre avdelingar og snakkar med nye kollegaer.
- Hippocampus i hjernen får litt trening fordi tilsette må gå litt meir enn før. Og aktivitet er veldig bra for hippocampus.
Dagtilbodet har flytta
I veke 14 flytta tilrettelagt dagtilbod frå Sjukeheimen og Hagahaugen til Vetleflaten. Brukarane vart teke i mot måndag 7/4 i nye lokalar.
I veke 15 flytta ordinært dagtilbod frå Hagahaugen til Vetleflaten. Der vil dei ta i mot brukarane sine på måndag 14/4 i den nye avdelinga. Det har vore ein stor jobb å flyta med pakking og bæring, men personalet har gjort ein kjempe innsats for å kome seg i hus og lage klart nye lokalar til brukarane sine.
Det blir kjekt framover å bu seg inn i dei nye lokala framover.

Fagdagar for område aust og vest
I starten av mar hadde dei store sentrumsområda aust og vest i helse og omsorg gode fagdagar. Tilsette har nytta 10-faktor som tilbakemeldingsverktøy, at dei ynskjer endå meir kompetanseheving.
Helse og omsorg har ein laga ein rikhaldig kompetanseplan for komande år, som vil sjå litt ulik ut i dei ulike underavdelingane, men alle med same mål om auke fagkompetanse. Og i område aust og vest deltok nær 160 tilsette på desse fagdagane.
Fagdag er viktig for å syta for kompetanseheving blant alle som arbeidar tett på innbyggjarar med behov for helsehjelp.
Voss herad og resten av landet går inn i ei tid med aldrande demografi, med fleire komplekse sjuke brukarar med hjelpebehov, og mindre hjelpande hender. Oppgåveforskjyving, kompetanseheving og eigenmeistring står fokus for oss.
Me var så heldige å få med oss blant anna Gunn Marit Bergstrøm (biletet) frå GMBaktivhelse, som ein av føredraghaldarene.
Ho snakka om korleis stress kan tære på helse og overskot, og kva me kan gjere for å skapa balanse- både for oss sjølve, og for dei rundt oss. Og lærte oss gode meistringsteknikkar for å håndtere stress, med øvingar både for hovudet og kroppen.
K5-konferansen
Ordførarane i Bergen, Vaksdal, Voss og Vestland fylkeskommune inviterer til K5-konferanse i samarbeid med næringsorganisasjonane Bergen Næringsråd, NHO, LO, K5Alliansen,Vossaløysinga, NLF og Bergen Lastebileierforening. Konferansen er på Voss kulturhus onsdag 23. april, og er gratis.
Til konferansen kjem:
- Leiande politikarar i Norge og lokalt
- Leiinga i Statens vegvesen og i Bane NOR
- Prosjektleiinga for Fellesprosjektet K5 Arna-Stanghelle
- Brukarar av hovudpulsåra aust-vest med E16 og Bergensbana
- Blålysetatane (politi og brann)
- Nærings- og interesseorganisasjonar
K5 Konferansen: Norges største samferdselsprosjekt - heilt til Voss? - Bergen Næringsråd