Nyheitsbrev 13. juni

Stikkord for nyheitsbrevet denne veka: Fotballhelg, tips for tobeinte i beitesesongen, status for Voss iPluss 2027 og ny HMS-rådgjevar på plass.

Voss Cup 2023 Tor H. Halvorsen

Når du les dette er Voss Cup i full gang, og folketalet kjem til å dobla seg på Voss denne helga.

740 lag skal i aksjon på det meste av grøne flekkar i Prestegardsmoen og kring Vangen. Naturleg nok medfører  dette også kolossalt med folk og trafikk. Biletet viser Grandane under Voss Cup i 2023, det er meldt like fine dagar denne helga, så ta deg ein tur og opplev fotballeventyret. Oppmodinga er, ver ein god ambassadør for bygda vår når så mange kjem for å besøka oss. Smil, hels og hjelp dei som spør om det skulle vera noko. Til dei som skal på sidelina eller på dugnad, lykke til!

 

Voss iPluss2027 – kva skjer i prosjektet?

Det har skjedd ganske mykje sidan me starta prosjektet hausten 2024. Me starta prosjektet for å gjera naudsynt endring og omstilling for å sikra berekraftig tenester og økonomi. Kva betyr det? Det betyr at tenestene er på eit slikt nivå at me har folk til å gje tenestene og slik at dei vert med rett kvalitet. Berekraftig økonomi handlar om at inntektene er høgare enn utgiftene, altså at me ikkje brukar meir pengar enn me har.

Fyrst trudde me at det var tilstrekkeleg å gjera omstillingar med innsparing tilsvarande 10-22 mill.kr årleg. I overgangen frå 2024 til 2025 har ressursbehovet i spesielt barnevern, skule og barnehage auka veldig. For å auka rammene der må me no auka innsparingskrava til 40-50 mill.kr. Me må altså gjera omstilling for å kunna handtera nye brukarbehov og handtera meirutgifter med å mangla folk. Revidert mandat for prosjektet ligg her: Mandat og prosjektdokument - Voss herad

Er det mogleg å få til? Ja, det trur me. Med ein totaløkonomi på ca 2 milliardar som me brukar på mange forskjellige tenester og utgifter, så er det mogleg å gjera ting anleis og i fleire tilfelle betre. Det handlar ikkje om å kutta, spara og skjera ned til beinet. Det handlar om å rigga tenestene slik at me brukar folk og pengar rett. I somme tilfelle kan dette innebera å gjera endringar i organisering av tilbod, endra tildelingspraksis, endra struktur, effektivisera, redusera ressursbruk og gå for godt nok, henta ut gevinstar av digitalisering og mykje meir. Her finn du oversikt over kva som er gjennomført eller starta så langt: Økonomirapportering drift

Me har ein ambisiøs plan for å klara dette. I rapport for 1.tertial legg me fram prognose på at me ligg an til vel 14 mill.kr i meirforbruk i høve budsjett medrekna omstillingar. Det viser at me no står i ein situasjon der det er utfordrande å gjennomføra alle omstillingstiltak som me har planlagd for, samtidig så fortset meirforbruk og auka ressursbehov i nokre tenester. Me må halda fram å gjennomføra naudsynt endring slik at me er rusta for framtida.Sommatips

Sommartips

Det lakkar mot sommar og ei fin tid for å jakta gode opplevingar  ifjellet. Det gjeld ikkje berre dei tobeinte. Sommaren er også beitesesong og ynglesesong for dei på fire bein. Og om me som går på to bein tek omsyn til dei ville dyra og viser varsemd til beitedyra, er det god plass til oss alle i vossafjella. Eig du ein krabat på fire bein, så minner me også bandtvangen. Les fleire tips og råd for ferdsel i sommarfjellet her: LINK 

Eolo – ny HMS-rådgjevar i Voss herad

Eolo Ulrich byrja som HMS-rådgivar i Voss herad den 2. juni. Arbeidsoppgåvene hans omfattar mellom anna å:

  • styrka det førebyggjande og systematiske HMS-arbeidet i heile organisasjonen
  • gje råd innan HMS-feltet
  • etablera og vedlikehalda HMS-retningslinjer, rutinar og prosessar
  • vera sekretær for arbeidsmiljøutvalet og byggearbeidsutvalet

Eolo har brei erfaring frå strategisk HR-arbeid og organisasjonsutvikling. Før han kom til Voss herad, hadde han mellom anna ansvar for det systematiske HMS-arbeidet i Fiskeridirektoratet.

Me ynskjer Eolo hjarteleg velkomen til oss! 

Og sidan du kanskje lurer, så har me spurt Eolo korleis han uttalar namnet sitt: «Eålå, med trykk på e-en»