Nyheitsbrev 15. mars

Stikkord i dag er kulturplan, kulturkonferanse, kommunalsjef på plass etter påske, ei dør inn for eldre og nye reglar for pensjonistløn. 

Kulturplanen Kulturkraft er klar

Planen vart vedteken av heradsstyret 8. februar og den skal gje retning i arbeidet med kultur i Voss herad. Grunnleggande er at kunst og kultur er ei skapande, kreativ kraft. Me må respektera og forstå den frie rolla kunsten og kulturen må ha for å kunne utvikla seg.

Føremålet med kulturpolitikken er at alle skal ha fridom til å leva gode liv og kunna bidra til å utvikla sitt eige lokalsamfunn og ha tilgang til å kunna delta i kunst, kultur, idrett og friluftsliv heile livet. Voss er ei kulturbygd og kulturlivet er krafta som sikrar eit sterkt regionsenter og levande bygder.

Temaplan for kultur 2024 – 2032

Kulturkonferanse i Voss kulturhus neste fredag

Sondre Horvei

Konferansen har tittelen «Kreativ verdivurdering – bygd for kultur», og stiller mellom anna desse spørsmåla:

  • Kva er musikkens verdi?
  • Kva effektar har musikklivet i ein kommune når det gjeld attraktivitet, oppbygging og utvikling av både staden og dei som bur der?

 

Pressefoto

I tillegg til å søkja svar på dette, vil konferansen innehalda dette:

  • Lansering av rapport ved Rolf Røtnes frå Samfunnsøkonomisk analyse om effektar musikklivet har på ein kommune med Voss som eksempel
  • Musikkutvalet, som jobbar med å greie ut heile musikkfeltet i ein NOU, lettar på lokket: Status for arbeidet og perspektiv på kva for verdiar det mangfaldige musikklivet skapar for menneske og samfunn ved utvalsleiar Sigrid Røyseng
  • Samtale med Miss Tati
  • Politiske tre kvarter mellom andre Åslaug Sem-Jacobsen (SP), Åse Kristin Bakk (Ap) Kåre Martin Kleppe (H), Jacob Nødseth (V), Kathy Lie(Sv)
  • Smakebit frå årets Tingingsverk til Vossa Jazz signert Hanna Paulsberg
  • Oppsummerande skråblikk frå Frode Grytten

Linda Eide vil leia oss gjennom dagen.

Kommunalsjef teknisk på plass etter påske

Fotograf Senderud

I dag fredag hadde Torbjørg Austrud si siste fredagsorientering for tilsette innan teknisk på tinghuset. Det siste leiarmøtet hennar som kommunalsjef teknisk vert måndag. Tysdag etter påske, altså 2. april, er første dag i ny stilling for Hans-Erik Ringkjøb, som då overtek som kommunalsjef for tekniske tenester.

Ei dør inn for eldre

Det toåringe Leve heile livet-prosjektet vart avslutta i februar. Hovudmålet for prosjektet var å arbeida for gode dagar for eldre, ei aldersgruppe som i 2030 utgjer halvparten av alle innbyggjarane våre.

Etter å ha spurt 550 eldre på Voss kva som er viktig for dei og kva som skal til for å leggja til rette for eit aldersvenleg samfunn, hevdar dei eldre sjølve at det kan vera vanskeleg å  finna, orientera seg og tolka informasjon, særleg den digitale.

Heradet med alle sine avdelingar, næringsliv og lagsliv har alle tilbod og tenester som er viktig å få formidla ut til dei det gjeld. Med etablering av tilbodet Ei dør inn – for eldre på Kulturhuset,  er målet at samfunnsaktørane samarbeider og at ein gjennom dette tilbodet kan nå dei eldre sitt behov for informasjon og dialog.

Heradet har lyst ut ei 2 årig prosjektstilling som koordinator for dette arbeidet.

Snart pensjonist?

Pensjonistløn er ei ordning for dei som har tjenestepensjon (dvs. ikkje folketrygdberegna AFP).

Storleiken på pensjonistlønna er fastsett sentralt. Og for dei som arbeider på denne ordninga, så får det ikkje konsekvensar for pensjonen deira.

Partane sentralt har opna opp for at arbeidsgjevar kan auka pensjonistlønna pga rekrutteringsutfordringar, etter faste satsar. Me har valt å auka satsane for alle som jobbar på pensjonistløn i heradet.  

Dette vart iverksett allereie 1.2.24.

Det er elles framleis slik at dei som jobbar med Ukrainaflyktningar får ei endå høgare pensjonistløn. Denne spesialordninga gjeld for alle pensjonistar, uavhengig av om dei går på folketrygdberegna AFP eller tjenestepensjon. Det er staten som opna for slik ordning, og den gjeld førebels til 1.7.24. Her må leiarane hugsa å melda frå for dei dette gjeld.

Ta gjerne kontakt med HR-avdelinga om de har spørsmål til dette.