Nyheitsbrev 16. februar

Ny fredag, nytt nyheitsbrev. Stikkord: Konstituering av kommunalsjef oppvekst, samarbeid om tidleg innsats og livsmeistring, Kompani Lauritzen, støtte frå Innovasjon Norge og karrieremesse i Bergen.

Frode Monsen sluttar i Voss herad 15.03. Frå same dato er Kjersti Nordanger konstituert som kommunalsjef for kommunalavdeling oppvekst. I tida fram til ny kommunalsjef for er på plass vil Kjersti fungere som kommunalsjef både for kommunalavdeling helse og omsorg, og for oppvekst. Kjersti vil gå ut av dei fleste oppgåvene i helse og omsorg for å frigjera tid til oppvekst, men vil ha det overordna ansvaret i helse og omsorg. Ho vil delta på leiarmøte både i oppvekst og helse og omsorg, og ho vil vere kontaktpunktet for begge kommunalavdelingane inn i rådmannen si leiargruppe. Ein forventa vinst av denne løysinga er eit endå tettare samarbeid mellom desse kommunalavdelingane.

Tidleg innsats og livmeistering

Onsdag var alle leiarar frå kommunalavdeling oppvekst, samt fleire leiarar frå kommunalavdeling helse og omsorg og kommunalavdeling kultur og fritid samla for å jobba med innspel til kommunedelplanen om tidleg innsats og livsmeistring. Leiarane har kome med innspel til korleis me kan jobba, og kva me må gjera annleis, dersom me skal lukkast med å verta betre på førebyggande arbeid. 

Helsestasjon, barnehage og skule møter alle barn og unge. Deira rolle i det førebyggande arbeidet er difor svært sentral. Samstundes kan dei ikkje gjere arbeidet åleine. Andre kommunale tenester, så vel som frivillige og foreldre, må også vere med å gjere ei skilnad for at alle barn og elevar vert inkludert. 

Mest støtte til Voss

Voss herad er den kommunen i Vestland som har fått mest støtte til landbruk frå Innovasjon Norge i 2023. Heil e19,2 millioanr kroner fordelt på 22 prosjekt og søknadar har funne vegen til landbruket i heradet vårt. 

Det er nesten dobbelt så mykje som dei neste kommunane frå gamle Hordaland, Ullensvang og Kvam.

Karrieremesse

Tysdag var Voss herad til stades på karrieremessa Ta Steget i Grieghallen. Dette var i regi av Framtidsfylket, og me fekk snakka med mange studentar og andre om at Voss er ein fin plass å både arbeida og bu.

Onsdag var me på plass på karrieremessa til Høgskulen i Vestland. Dette er ein del av ei satsing for å betra rekrutteringa til Voss herad. Me kjem til å vera på plass på fleire messer utover våren og året. 

Kompani Lauritzen førpremiere

Visit Voss og Voss herad ynskjer velkomen til førepremiere på den fyrste Kompani Lauritzen episoden som er spelt inn på Voss!

Fredag 1. mars inviterer me til open premierefest på Voss Kulturhus.

Det vert raud løpar,  skulemusikken og musikklaget spelar og me byr på popkorn og Vossawiener. 

Fyrste episode av Kompani Lauritzen som vart spelt inn på Voss vert vist i alle kinosalane i kulturhuset.

Profilane frå Kompani Lauritzen kjem, og det vert mogleg å prate og ta bilete saman med dei.

Billettar bookar de her: OBS, det er stor pågang så her må ein vera om seg for å finna ein ledig plass. 

KOMPANI LAURITZEN- FØRPREMIERE! | Voss kulturhus