Nyheitsbrev 17. februar

Det er fredag og nyheitsbrev. Stikkord er vinterferie, arbeidsglade pensjonistar, 10-faktor, nye nettsider, klimaavtrykket til hytteeigarane, eigedomsskatt, straum og digital sikkerheit.

Ungdomsklubben Vangsgryto inviterer som vanleg ungdom 8.-10. vtrinn til gratis ferieaktivitetar. I årets vinterferie vert det flyging i Vindtunnelen og skidagar i både Myrkdalen og Voss resort.

Litt på førehand, men snart er det 8. mars også. Voss herad si ungdomsavdeling med ungdommane i spissen er arrangør for 8.mars-feiringa på Voss i år. Det vert tog, musikk og appellar i Gamlekinoen frå kl. 17.00

 

Arbeidsvillige pensjonistar

To arbeidslag med  med arbeidsvillige pensjonistar startar snart opp arbeidet med klargjering av kommunale bustader til flyktningar og andre som har behov for det.

Åtte karar med ryggsekken full av erfaring og kompetanse møtte på informasjonsmøte den 14. februar og no er dei klare for å gå i gang.

Me har lenge visst at mange eldre er både friskare og sprekare enn gårsdagens eldre. Eldre både kan og vil delta meir i samfunnet. Leve heile livet – satsinga handlar fyrst og fremst om å byggja aldersvenlege samfunn. I eit aldersvenleg samfunn kan eldre delta og bruka ressursane sine.

10-faktor 

I skrivande stund har 73% av dei tilsette i Voss herad svart på medarbeidarundersøkinga.

I 2021 svarte 80% av dei tilsette på undersøkinga, målet er at minst 85% svarar i år. Det er enda nokre timar igjen og me vil oppmoda deg sterkt til å svara.

Ditt svar er viktig for det vidare arbeidet og vil påverke fokus på utviklingsarbeidet på din arbeidsplass.

Me vil samstundes nytte høve og gratulere dei einingane som har oppnådd 100% svar på undersøkinga. Godt jobba!

Nye nettsider til Voss bibliotek

Biblioteket har fått nye nettsider.  Med samme adresse som før, www.vossbibliotek.no Der finn du blant anna biblioteket sine digitale tenester, der to av dei er nye av året: Filmrommet for deg som er glad i film og tv-seriar og Flipp for deg som likar å lese magasin og vekeblad. 

Neste veke er det vinterferie for mange, om ikkje du er vekkreist så er det vinterferieaktivitet i biblioteket klokka 11-13 mandag til fredag.

Klimaavtrykk

Voss vil ha eit meir berekraftig hytteliv og ber no hytteeigarar svara på spørjeundersøking

Voss herad gjennomfører for tida ei kartlegging av klimafotavtrykket frå utbygging og bruk av hytter i heradet. Prosjektet er eit samarbeid med Bergen kommune, Eidfjord kommune, Kvam herad og Vestland fylkeskommune. Kartlegginga vert gjennomført av Asplan Viak. Basert på kartlegginga vil dei tre hyttekommunane, Eidfjord, Kvam og Voss, setja i verk tiltak for å få ned klimagassutsleppa frå hytteutbygging og -bruk.

For å rekna ut klimafotavtrykket frå hytteutbygging og -bruk, treng Asplan Viak meir informasjon om bruken av hyttene i dei tre hyttekommunane. Difor vert det no gjennomført ei spørjeundersøking om dette. Svara vil vera til stor hjelp for å få fram så presist datamateriale som mogleg.

Me håpar at så mange hytteeigarar som mogleg i Voss herad vil gjennomføra denne spørjeundersøkinga som berre tar 3-5 minutt: Er du hytteeigar sjølv? Klikk her: https://response.questback.com/asplanviakas/oubqscxkxb

Med «hytte» meiner me her alle typar fritidsbustader inkludert småbruk, stølar og leilegheiter, men ikkje campingvogn. Frist for å svara er måndag 6. mars.

Svara vert handsama anonymt og ingen informasjon som kan identifisera hytteeigarane vert lagra etter prosjektperioden (fire månader). Svara frå undersøkinga vert samanstilt av Asplan Viak i ein rapport som me vil dela på heradet sine heimesider til sommaren.

Eigedomsskatt og straumprisar

Eigedomsskattekontoret har sendt ut om lag 4500 brev til folk, som stort sett får høgare eigedomsskatt enn dei hadde i fjor. Dette er fordi dei fleste av oss får rekna ut eigedomsskatten basert på kor stor likningsverdi bustaden vår har. Dette finn du skattemeldinga, og denne verdien aukar i takt med at eigedomsprisane også går opp.

Straumprisane er særs høge. Det kostar mykje for heradet å ha lys og varme ståande på alle stader. Me oppmodar alle om å spare litt straum der dei kan. Klarar me 10 % reduksjon i straumforbruk så har heradet dekka inn ny bokbuss til vinteren att. Ta ansvar, slå av ljoset og senk kontortemperaturen når du ikkje er på jobb.

Logg av PC-en

Det er mykje cyberangrep om dagen, og me ser at enkelte kommunar har opplevd innbrot. Me minner om å passa på passordet, ikkje bruk same passord over alt, ikkje del passordet og hugs å låsa PC-en eller logga av når du går frå arbeidsplassen din. Ver ein sikkerheitshelt og bidra til ein trygg digital kvardag for alle, både oss og innbyggjarane våre.