Nyheitsbrev 17. mars

Nytt nyheitsbrev i dag. Stikkorda er Vossadagane, medarbeidarsamtale, aktivitet, deltaking og sosialt fellesskap, oppstarta v seniornett, handletaxi og demenskor, og digital kommunevert i servicetorget.

Som del av Vossadagane arrangerer Norsk kulturforum nettverkssamling 30.mars (Interesseorganisasjon for kommunal og regional kulturpolitikk) på Voss kulturhus.

Alle tilsette i Voss herad har fri tilgang til arrangementet (utan lunsj)

For fullt program sjå www.vossadagane.no og meld dykk på i lenka.

Program

Kl. 13:00 Festivalane som lokalsamfunnsutviklar

Innleiarar: Ronny Skaar, seksjonssjef for kulturutvikling i Vestland fylkeskommune.

Trude Storheim, dagleg leiar for Vossa Jazz.

Ingvild Ystanes, festivalleiar for Litteratursymposiet i Odda.

Hilde Bjørkum, kommunalsjef i Sunnfjord kommune, leiar samtale i etterkant.

Kl. 14:00 Kaffipause

Kl. 14:15 Kommunal og regional kulturplanlegging – på same kurs?

Innleiar: Per Morten Ekerhovd, fylkesdirektør for kultur, idrett og frivilligheit i Vestland fylke.

Samtale med Else Marie Sandal, verksemdsleiar kultur og bibliotek i Ullensvang kommune og Håvard Ese Eliassen, kultursjef i Sogndal kommune.

Trude Hoflandsdal Letnes, kommunalsjef i Voss kommune, leiar samtalen.

Kl. 15:30 Kaffipause

Kl. 15:45 Erfaringar frå bruk av fritidskort

Skjema for medarbeidarsamtale

Nytt skjema for medarbeidarsamtale er klart til bruk. Det er ein del som har prøvd det ut, så kanskje kjenner du til det allereie.

Innhaldet er ein del endra frå tidlegare, mellom anna med spørsmål knytt til 10-faktor (medarbeidarundersøkinga som me brukar). Det er òg laga ein ny rettleiar for gjennomføring av medarbeidarsamtalen. De finn dokumenta i Kvalitetssystemet Compilo. Lukke til med gode medarbeidarsamtalar!

Frivillig på Voss?

Har du litt tid til overs? Kom på Vangen kafe måndag 20. mars frå 18 til 1930. Der får du høyra meir om oppstart av både senirornett, handletaxi og demenskor på Voss. Det vert servert kaffi og kaker, underhaldning frå Supergruppo og informasjon om kva det vil seie å vera frivillig på Voss. Er du ikkje i målgruppa sjølv? Kanskje du kjenner nokon som vil ta turen.

 

Aktivitet, deltaking og sosialt fellesskap for alle – også for dei som bur på sjukeheim

Aktivitet, deltaking og sosialt fellesskap er viktig for alle gjennom heile livet og er ein viktig føresetnad for å kunne ha god funksjon og helse så lenge som mogleg. Kroppsleg og kognitiv aktivitet utover vanleg kvilenivå er ein føresetnad for kommunikasjon og samhandling, enten målet er betre funksjon, avgrensa  funksjonstap, vedlikehalde eller forbetre funksjon, sosialt samvær eller kulturelle opplevingar. Helse, funksjon og deltaking er tett samanvove og gjensidige avhengig av kvarandre. Kulturelle og sosiale aktivitetar er såleis også fysiske aktivitetar. Indirekte eller positive aktivitetar gjev positive effektar på søvn, ernæring og psykisk helse.  

Voss Sjukeheim og Vetleflaten omsorgssenter er opptekne av å leggja til rette for fleire tilpassa aktivitetstilbod til alle bebuarane  og  har no starta eit nytt samarbeid med fysioterapeut Gunn Marit Bergstrøm i GMB Aktivt helse AS. Målet er felles kunnskapsdeling og tilrettelegging. Samarbeid med andre samfunnsaktørar vil vera viktig for å gi eit godt tilbod også i framtida, særleg når tilgangen på helsepersonell ikkje vil auka og tal eldre som treng helse- og omsorgshjelp aukar.

Tysdag denne veka var fyrste samling med Gunn Marit på Voss sjukeheim. Her var det trim og songstund, godt humør og mange smil å spora. Deltakarane gav uttrykk for at stunda var kjekk og dei ser fram til neste samling! 

Kommunevert

Fredag vart kommuneverten i servicetorget avduka og sett i drift. Dette er ein digital vert som gjer at innbyggjarane lettare kan koma i kontkat med rett person på tinghuset. Me håpar verten fungerer slik me vil, og at han vert godt tatt i mot.