Formannskapet vedtok torsdag å leggja både framlegg til ny barnehage- og skulestruktur og framlegg til kommuneplanen sin samfunnsdel på høyring.
Desse to framlegga skal etter høyringsrunden verta vedtatt, og skal peika ut korleis vossasamfunnet skal utvikla i seg  i åra som kjem, og korleis me skal laga ein god barnehage- og skulestruktur som sikrar god kvalitet.
Du finn framlegga her: Kommuneplanen sin samfunnsdel og Barnehage og skule for framtida
Folkemøte
Både samfunnsdelen og barnehage- og skulestrukturen har eit heilskapeleg perspektiv, og får å informera best mogleg om desse framlegga vert det fire folkemøte i oktober og november, der både politisk og administrativ leiing møter innbyggjarane.
- Onsdag 29. oktober: Granvin barne og ungdomsskue kl 18-20
- Torsdag 30. oktober: Evanger skule kl 18-20
- Tysdag 11. november: Vossestrand barne- og ungdomsskule kl 18-20
- Onsdag 12. november: Voss ungdomsskule kl 18-20
Desse møta er ikkje tenkt til diskusjon eller innspelsmøte, men ein arena der heradet får presentert heilskapen i framlegga, og der innbyggjarane kan koma med spørsmål. Innspel til planane må sendast heradet som høyringsinnspel.
Organisasjonsgjennomgang
Formannskapet vart også orientert om status for Voss iPluss 2027 på torsdag. I denne orienteringa vart det også orientert om at det vert tinga ein organisasjonsgjennomgang frå eksterne aktørar, og at innsparingsmålet vert auka med 40 millionar kroner frå 2027, slik at innsparingsmålet for 2027 vert 82 millionar kroner.
Det er laga eit mandat for ein heilskapleg gjennomgang av organisasjonen i Voss herad. Du kan lesa mandatet her: Heilskapleg gjennomgang av organisasjonen. 
Formannskapet ynskjer at det i tillegg vert tatt inn i eit punkt om legetenestene. Mandatet kan også verta endra etter at hovudtillitsvalde og hovudverneombodet har gått gjennom dette i dag fredag.
Tøys og moro på kulturhuset
I morgon laurdag kjem Molly og Partner til Voss kulturhus, og lovar fullt trøkk, tøys og moro. Molly og partner er kjende frå NRK Super. Meir informasjon og billettar finn du her: Klikk her for meir informasjon og billett